Digital verkstad for ph.d-kandidatar: God handtering av forskingsdata

tekstplakat: Introduction to Data Management in Hard Sciences

Lær korleis du kan organisere, lagre og dele forskingsdata på ein effektiv og ansvarleg måte. Her får du ei praktisk innføring i datahandtering og FAIR-prinsippa. Påmelding innan 30. september.


02 Oct

Praktisk informasjon

Har du spørsmål?

Bli med på nettverkstaden Introduction to Data Management in Hard Sciences (catalogue.educalliance.eu), og lær om organisering, beskriving, lagring og deling av forskingsdata på ein ansvarleg måte.

Her lærer du òg å bruke FAIR-prinsippa, og får sjå korleis ein datahandteringsplan (DMP) kan vere til nytte i forskinga di.

FAIR-prinsippa

FAIR-prinsippa skal gjere forskingsdata lettare å finne, få tilgang til og bruke vidare, både for menneske og datamaskiner. 

FAIR står for:

  • Findable: lette å finne: Data får ein varig identifikator og ei god beskriving, slik at andre kan finne dei.
  • Accessible: tilgjengelege: Det er tydeleg korleis ein får tilgang til data, og kva vilkår som gjeld.
  • Interoperable: kan brukast på tvers av system: Data bruker standardiserte format og omgrep, slik at dei kan kombinerast med andre data.
  • Reusable: kan brukast om att: Data er godt dokumenterte, med tydeleg informasjon om kvalitet, opphav og vilkår for vidare bruk.

Obs! FAIR betyr ikkje at alle data må vere opne for alle. Tilgangen kan vere avgrensa, til dømes av omsyn til personvern, og data kan likevel følgje FAIR-prinsippa.

Les meir: FAIR Principles - GO FAIR (go-fair.org)

Verkstaden er ope for alle ph.d.-kandidatar, og kandidatar på første året blir prioriterte.

Verstaden går føre seg på engelsk.

Påmelding

Les meir og meld deg på i EDUC-katalogen: Introduction to Data Management in Hard Sciences (catalogue.educalliance.eu)

Påmeldingsfrist: 30. september 2026