EDUC-AI-TION: Kunstig intelligens i høgare utdanning

Digital version of a student cap + text about the EDUC Online Course called EDUC-AI-TION + EDUC and Funded by EU logo

Utforsk korleis kunstig intelligens (KI) påverkar undervisning og læring i høgare utdanning, og kva dette betyr i praksis. Søknadsfrist 30. april.

Studentar, ph.d.-kandiadatar og tilsette på USN er inviterte til å delta på det internasjonale nettkurset EDUC-AI-TION – Artificial Intelligence, Learning and Education (courses.educalliance.eu).

Gjennom bidrag frå forskarar, pedagogiske ekspertar og undervisarar frå EDUC-alliansen og våre samarbeidspartnarar, set vi søkjelys på korleis KI er i ferd med å endre høgare utdanning både når det gjeld undervisning, læring og akademisk ansvar.

Du får innsikt i både pedagogiske, etiske og kulturelle sider ved bruk av KI i høgare utdanning. Målet er å skape forståing, engasjement og ein meir medviten og ansvarleg bruk av KI i utdanning.

Om kurset

Kurset går frå 5. til 28. mai 2026.

Undervisninga går føre seg på nett og kombinerer åtte korte økter (kl. 16.00-17.00) og eit fleksibelt nettinnhald som er tilgjengeleg i EDUCs digitale læringsplattform Moodle. Alle undervisingsøktane blir tatt opp og lasta opp i Moodle. 

Deltakarar som fullfører kurset og består avsluttande vurdering, får eit EDUC-sertifikat som dokumenterer arbeidsinnsats tilsvarande 2 studiepoeng.

Kven kan delta?

Alle! Kurset er særleg relevant for studentar på bachelor- og masternivå og ph.d.-kandidatar innan utdanningsvitskap, men er òg ope for studentar og tilsette frå andre fagområde som ønskjer å lære meir om KI i undervising.

Det er ikkje krav om spesifikk forkunnskap. Gode ferdigheiter i engelsk er nødvendige for å følgje forelesingane og delta i diskusjonane.

Slik søkjer du

Søknadsfrist: 30. april 2026

Les meir og søk her: EDUC-AI-TION – Artificial Intelligence, Learning and Education (courses.educalliance.eu).

Merk: Lenkja over tek deg til EDUC Course Catalogue. For å melde deg på kurset må du først lukke popup-vindauget ved å klikke på «X». Deretter klikkar du på «Login» øvst på Moodle-sida i bakgrunnen.

Innloggingshjelp

Merk: Når du loggar inn, vil ikkje USN visast som eit alternativ. Vel i staden FEIDE.

EU falg + text: Co-funded by the European Union

 

Jeg vil ha mer info om EDUC-tilbud for mitt fagområde

 

Dette er EDUC

Hva og hvem er EDUC?

European Digital UniverCity (EDUC) er en europeisk universitetsallianse med åtte medlemmer i sju land. Europeiske universitetsallianser er EUs flaggskip for å knytte det akademiske fellesskapet i Europa tettere sammen og løse de store samfunnsutfordringene.

I alliansen samarbeider vi blant annet om en felles digital campus, digitale studietilbud, fleksible internasjonale muligheter for studenter og ansatte og kompetanseheving for unge forskere og ansatte.

I tillegg til USN består EDUC av disse universitetene: 

  • Universitetet i Potsdam, Tyskland 

  • Universitetet i Rennes, Frankrike 

  • Universitetet Paris-Nanterre, Frankrike 

  • Masaryk Universitet, Tsjekkia 

  • Universitetet i Cagliari, Italia 

  • Universitetet Jaume I, Spania 

  • Universitetet i Pécs, Ungarn 

Til sammen har alliansen om lag 200 000 studenter og 31 000 ansatte.

Bruk kartet for å bli bedre kjent med de andre institusjonene. 

EDUC finansieres av Erasmus+ fra 2022-2026.

Hva vil vi med EDUC?
  • gi studenter og ansatte varierte og fleksible internasjonale muligheter

  • øke kvaliteten i utdanningene våre gjennom samarbeid og innovasjon

  • alliansesamarbeidet gir USN et konkurransefortrinn i Europa

Har du spørsmål?

Kontakt oss gjerne på educ@usn.no

 

Lær mer om EDUC på educalliance.eu