Om du vil delta som mentor i EDUC Staff Mentor Programme 2026, fyll ut vårt digitale skjema innan 6. februar (23:59): Meld deg på her (nettskjema.no)
Kva?
EDUC Staff Mentoring Programme knyter saman to tilsette (ein mentor og ein mentee) frå ulike EDUC-universitet for å fremje fagleg utvikling og karrierevekst, samtidig som vi byggjer ein inkluderande europeisk kultur og styrkjer nettverka våre.
Kvifor?
Mentorprogrammet er utforma for å utvikle kompetanse og ferdigheiter hos både mentorar og menteear. Måla med deltaking er å styrkje kunnskap og ferdigheiter, utvide profesjonelle nettverk, dele erfaringar og god praksis, og gi mentorar høve til å utvikle mentor- og kommunikasjonsferdigheiter.
Deltakarar får sertifikat frå EDUC etter at programmet er gjennomført.
Krav til mentorar:
- meir enn tre års erfaring i den noverande rolla di
- snakkar engelsk (minst nivå B1)
- kan setje av om lag 12 timar totalt dei neste seks månadene
Søkjarar frå desse områda får prioritet:
- internasjonale / europeiske prosjektkontor
- bibliotek
- studenttenester
- toppleiing
- berekraft
- språksenter
Vi ønskjer òg søkjarar frå desse områda:
- kommunikasjon og marknadsføring
- kunnskapsoverføring og teknologi / oppstartsmiljø
- forsking- og innovasjonsadministrasjon
- karrieretenester
Korleis?
Mentorsamtalane vil gå føre seg i arbeidstida.
Menteen og mentoren forpliktar seg til:
- minst éin digital samtale per månad i ein periode på seks månader
- fire felles samlingar:
- 24. mars 2026: Masterclass for mentorar (13:30–15:30)
- 26. mars 2026: Kick-off-møte for mentorar og menteear (14:00–15:00)
- 16. juni 2026: Check-in-møte for mentorar og menteear (13:00–14:30)
- 27. oktober 2026: Wrap-up-møte for mentorar og menteear (10:00–11:30)
Arbeidsmengde totalt: 12 timar.
Utveljinga blir gjort på EDUC-nivå, med åtte deltakarar frå kvart partneruniversitet.
Kriterium for å setje saman mentor og mentee:
- same interesseområde for utveksling av kunnskap og praksis
- høgare kompetansenivå hjå mentoren enn menteeen
- same nivå i engelsk
Påmelding
Om du vil delta som mentor, fyll ut vårt digitale skjema innan 6. februar (23:59): Meld deg på her (nettskjema.no)
