Studentar, ph.d.-kandiadatar og tilsette på USN er inviterte til å delta på det internasjonale nettkurset EDUC-AI-TION – Artificial Intelligence, Learning and Education (courses.educalliance.eu).
Gjennom bidrag frå forskarar, pedagogiske ekspertar og undervisarar frå EDUC-alliansen og våre samarbeidspartnarar, set vi søkjelys på korleis KI er i ferd med å endre høgare utdanning både når det gjeld undervisning, læring og akademisk ansvar.
Du får innsikt i både pedagogiske, etiske og kulturelle sider ved bruk av KI i høgare utdanning. Målet er å skape forståing, engasjement og ein meir medviten og ansvarleg bruk av KI i utdanning.
Om kurset
Kurset går frå 5. til 28. mai 2026.
Undervisninga går føre seg på nett og kombinerer åtte korte økter (kl. 16.00-17.00) og eit fleksibelt nettinnhald som er tilgjengeleg i EDUCs digitale læringsplattform Moodle. Alle undervisingsøktane blir tatt opp og lasta opp i Moodle.
Deltakarar som fullfører kurset og består avsluttande vurdering, får eit EDUC-sertifikat som dokumenterer arbeidsinnsats tilsvarande 2 studiepoeng.
Kven kan delta?
Alle! Kurset er særleg relevant for studentar på bachelor- og masternivå og ph.d.-kandidatar innan utdanningsvitskap, men er òg ope for studentar og tilsette frå andre fagområde som ønskjer å lære meir om KI i undervising.
Det er ikkje krav om spesifikk forkunnskap. Gode ferdigheiter i engelsk er nødvendige for å følgje forelesingane og delta i diskusjonane.
Slik søkjer du
Les meir og søk her: EDUC-AI-TION – Artificial Intelligence, Learning and Education (courses.educalliance.eu).
Søknadsfrist: 30. april 2026
