EDUC Teaching Academy og COIL.UP - University of Potsdam inviterer til eit inspirerande opplæringsprogram der du får ei praktisk innføring i Collaborative Online International Learning (COIL) og Virtual Exchange (VE).
Kva er COIL/VE?
COIL og virtuell utveksling opnar klasserommet ditt mot verda. Studentane dine kan samarbeide med studentar frå andre universitet i EDUC-alliansen, eller globalt, gjennom felles prosjekt, fagleg dialog og erfaringsutveksling. Dette styrker ferdigheiter som interkulturell kompetanse, digital forståing og samarbeidsevne.
Kven passar kurset for?
- tilsette som er nye innan COIL/VE og ønskjer ei grunnleggjande innføring
- undervisarar som vil utvikle meir internasjonale og innovative læringsformer
- deg som vil gje studentane dine kompetanse som er etterspurd i arbeidslivet
OBS: Det blir også tilbydd eit vidaregåande kurs hausten 2026 for deg som har erfaring med COIL/VE. Her kan du lese om fjorårets vidaregåande kurs: Advanced COIL/VE Training Program (educalliance.eu)
Kva får du ut av det?
Gjennom kurset får du støtte til å utvikle ein eigen COIL/VE-modul i undervisninga di.
Du vil lære om:
- grunnprinsipp og gevinstar ved COIL/VE
- korleis du planlegg og gjennomfører eit vellukka samarbeid
- digitale verktøy og konkrete døme frå praksis
- idéutvikling saman med kollegaer og tilbakemelding undervegs
- vidare støtte og ressursar i EDUC-nettverket
Praktisk informasjon:
- oppstart (digitalt, 120 minutt): 22. mai kl. 10.00-12.00
- eige arbeid (asynkront): 23. mai - 4. juni
- avslutning (digitalt, 120 minutt): 5. juni kl. 10.00-12.00
- alt kursmateriell blir tilgjengeleg i EDUC Moodle
Påmelding
Frist: 15. mai 2026
Les meir i EDUCs kurskatalog og bruk nøkkelen "COIL26-Unlocked" for å melde deg på:
Unlock Global Classrooms: Introductory COIL/Virtual Exchange Training for EDUC Teachers (courses.edcalliance.eu)
Sertifisering
Deltakarar som gjennomfører begge samlingane og fullfører aktivitetane, får eit EDUC-sertifikat (12 timar arbeidsomfang).
Spørsmål?
Ta kontakt med COIL UP: coiltraining@uni-potsdam.de
...eller spør oss ditt lokale EDUC-lag: educ@usn.no
