Disputas: Benjamin Richards

Benjamin Richards disputerer for doktorgraden i kulturstudier. Gjennom forsking innanfor eit industriarvlandskap, utforska denne oppgåva kva som skjer med omgrepa, opplevingane og forskingsmetodane våre når vi nyttar ein meir-enn-menneskeleg måte å tenke på.


20 Feb

Praktisk informasjon

  • Dato: 20 februar 2024
  • Tid: kl. 09.15 - 13.15
  • Sted: Bø, Vinje auditorium og Zoom
  • Last ned kalenderfil
  • Følg disputasen på Zoom her
    Passord: 328318

    Program

    Kl. 09.15: Prøveforelesning: Why de-conceptualize cultural heritage, and how could it matter to the museums and the general public?

    Kl. 10.30: Disputas: BECOMING HERITAGE: Pathways toward a more-than-human remembering

    Sensorer og komitéadministrator 

    • Sofia Cele, Universitetslektor og dosent ved Uppsala Universitetet
    • Aksel Hugo, Førsteamanuensis NMBU
    • Camilla Groth, Førsteamanuensis USN

    Veiledere

Har du spørsmål?

Benjamin RichardsBenjamin Richards skal forsvare avhandlingen sin for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Sørøst-Norge.

Han har fulgt doktorgradsprogrammet i kulturstudier ved Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap.

Alle interesserte ønskes velkommen til prøveforelesning og disputas.

Sammendrag

Denne avhandlinga utforskar kulturarv, berekraft og tilverting (becoming) gjennom forsking innanfor verdsarvområdet Rjukan-Notodden, frå eit more-than-human perspektiv. Avhandlinga byrjar med å spørje korleis industri vert kulturarv. Når ein ser dette opp mot det store og komplekse området, samt critical heritage studies litteratur, løftar det vidare fram fleire spørsmål rundt kva kulturarv ér og korleis noko vert til. Dette opnar for ei ontologisk utforsking av kulturarv som fenomen, og ei inkludering av dei more-than-human prosessane som berekraft krev. 

Konseptet intra-play introduserast som ein onto-metodologi. Både når det gjeld å tenke omkring og å forestille seg det ein møter, og som ein måte å bevege seg- og engasjere seg i prosessen undervegs, som ein del av eit erfaringsmessig landskap. Intra-play forståast som ein estetisk, sanseleg og haptisk måte å forstå og oppleve verda på, og fremjar opnare, meir merksame, og performative metodar for å utforske og forstå ulike fenomen. Her vert video, foto, lyd og affektiv skriving brukt for å framkalle og utvikle ei kjensle av kvalitetane i det more-than-representational gjennom både ein film og ei skriftleg reise. 

Det som oppdagast er kvalitetar og eigenskapar som framkallar erindrings- og tilvertingsprosessar som strekk seg over svært ulike temporalitetar, men framleis er erfaringsmessig samanvovne som ein del av landskapet. Resultatet er ei forståing av kulturarv som more-than-human-erindringsprosessar som menneska ikkje kontrollerer. Der det som vi møter på ikkje er klart definerbart utanfor den store heilskapen, og dikotomiane som ofte assosierast med kulturarv – mellom natur og kultur, offisielt og uoffisielt, materielt og immaterielt – i staden sjåast som noko som stryømer gjennom- og gjensidig formar (co-form) kvarandre. 

Dette framkallar spørsmål kring korleis vi styrast og bevegast, kvifor vi studerer dette, kven og kva slik forsking er til for, kva slags verdi det har, og korleis dette kan brukast utan å igjen sette mennesket i sentrum.