Universitetet i Søraust-Noreg (USN) er ein av partnarane i det svensk-norske samarbeidsprosjektet, gjennom institutt for maritime operasjonar.
– Vi ser eit skifte mot ein berekraftig elbåtmarknad og behov for ladeinfrastruktur i hamner og skjergarden. Det trengst for at vi ikkje skal komme bakpå i denne omstillinga, seier Kenneth Vidskjold og Bjørnar Thorsen, som representerer USN i prosjektet.
Dei meiner lokale produsentar som Freepower på Nøtterøy er eit tydeleg teikn på at denne omstillinga skjer i heile regionen.
– No er det viktig å utvikla ladeinfrastruktur slik at folk faktisk kan nytte dei nye el-båtane.
LES OGSÅ: Studentar utviklar banebrytande teknologi
Store klimagassutslepp fra fritidsbåtar
Sverige og Noreg har til saman éin million motordrivne fritidsbåtar. Nesten alle går på fossilt brensel, og CO2-utsleppet er berekna til over 400 000 tonn per år, pluss miljøskadelege stoff.
Det nye EU-prosjektet skal leggje forholda til rette for elbåtladarar i fritidshamner mellom Gøteborg og Strömstad, inn Oslofjorden og vidare sørover på andre sida av Skagerak til Kristiansand.
– Med ein utprega fritidsbåtkultur, mange hamner, marine destinasjonar og tradisjon for båtproduksjon har Skagerrak-regionen gode føresetnader for rask omstilling innan elbåtlading og tilstøytande tenester, seier Kenneth Vidskjold og Bjørnar Thorsen.
Dei legg til at regionen allereie har aktuelle teknologileverandørar og god kunnskap innan køyretøyelektrifisering.
LES OGSÅ: Ny simulator for utdanning av kapteinane i framtida