Institutt for maritime operasjonar
Institutt for maritime operasjonar held til ved campus Vestfold. Gjennom samfunns- og arbeidslivsintegrert forsking og utdanning skal instituttet bidra med kunnskap og kompetanse til å løyse utfordringar innan det maritime området.
Instituttet skal møte utfordringane med kunnskap og kompetanse som bidrar til praktiske løysningar, strukturelle endringar og nye tenkemåtar.
Instituttet fokuserer på tverrfagleg, praksisnær, profesjonsorientert og anvendt forsking og utdanning.
Studieprogram
Vi tilbyr bachelorprogram innan skipsfart og logistikk, nautikk og marinteknisk drift, masterprogram innan maritim leiing og doktorgrad innan nautiske operasjonar. I tillegg tilbyr instituttet ein rekke kortare kurs.
A-veg er for søkarar med generell studiekompetanse. Y-veg er for søkarar med relevant fagbrev som bakgrunn.
Bachelorgrad
Mastergrad
Doktorgrad
Forsking
Instituttet har som ambisjon å vere i fremste rekke innenfor desse forskingsområda:
Her finn du oversikt over alle tilsette sine publiseringar i Cristin.
Samarbeid
Vi har eit utstrakt samarbeid med organisasjonar og institusjonar innan maritim næring:
- Kystverket for auka sjøtryggleik.
- MARKOM2020 er eit samarbeid med alle utdanningsinstitusjonar i Noreg som tilbyr maritim utdanning. Formålet med samarbeidet er å levere maritim utdanning i særklasse. Det blei etablert av kunnskapsdepartementet og nærings- og handelsdepartementet i 2011.
- ECOPRODIGI er eit samarbeid mellom utdanningsinstusjonar og maritim næring i EU og Baltikum om økoeffektivitet og digitalisering.
- Industrimaster: I samarbeid med maritime bedrifter tilbyr USN ein industrimaster i Maritime Managament, kor studentane får ein midlertidig deltidsjobb hjå våre samarbeidspartnarar mens dei studerer.
- Bachelorstudenter i praksis: Vårt samarbeid med maritim næring gjer no at vi kan tilby studenter på bachelor i Skipsfart og logistikk praksis som ein del av studieløpet.
Instituttet tilbyr óg tilpassa kurs for næringslivet, blant anna:
For full oversikt over etterutdanningstilbud, trykk på knappen for instituttets studietilbud øvst på sida og vel kategori «kurs uten studiepoeng».
På USN kan studentar og tilsette óg drive forsking og utprøving innan maritim autonomi på Testarena Horten.