Praksisfortolking av læremiddel

Student i klasse - praksis på Ringshaug ungdomsskole.

Kva gjer læremiddel med praksis – og kva gjer praksis med læremidla? Prosjektet Praksisfortolking av læremiddel (PaL) skal kartleggje og omgrepsfeste tilhøvet mellom det faglege og didaktiske potensialet i læremiddel og korleis læremidla blir nytta i konkrete lærings- og undervisningssituasjonar.

Praksisfortolking av læremiddel byggjer vidare på eit prosjekt initiert av Læremiddel.dk – Danmarks nasjonale kunnskapssenter for læremiddel. USN har teke initiativet til å utvide prosjektet til å omfatte lærarutdanningar og praksisskolar ved USN og Uppsala universitet. I 2019–20 skal det gjennomførast pilotstudiar av studentar, praksislærarar og læremiddelforskarar ved praksisskolar i Noreg og Sverige i norsk/svensk og samfunnsfag/historie. Pilotstudiane skal danne grunnlag for søknader om ekstern finansiering av eit meir omfattande prosjekt.

I tillegg til dei empiriske studiane tek prosjektet sikte på å utvikle læremiddeldidaktiske omgrep, kategoriar og modellar som kan tas i bruk på tvers av dei ulike lærarutdannings- og skolefaga.

Leiargruppa for PaL-prosjektet

Relaterte prosjekt

Evalueringsverktøy