Frå USN til FN

Cherine Randi Sellami. Foto
PRAKSISPLASS I FN: Student Cherine Randi Sellami integrerte ei praktikantstilling med praksis ved to eininger hos FNs høgkommissær for menneskerettar (OHCHR) i masterløpet sitt på USN. (Foto: Privat) Kopirett: USN

Cherine Randi Sellami gjekk frå teori til praksis ved å kombinere menneskerettar, fleirkultur og internasjonal lov i masterutdanninga si på USN.

Som andreårsstudent på master i menneskerettar og fleirkultur (usn.no), fekk Cherine Randi Sellami i 2023 ein sjeldan og berikande moglegheit. Nemleg å integrere ei praktikantstilling med prakis ved to eininger hos FNs høgkommissær for menneskerettar (OHCHR) som ein del av utdanninga si.

– Den reisa eg har fått på USN har gitt meg utvikling, utfordringar og unike moglegheiter. Erfaringane har auka forståinga og ferdigheitene mine, og førebudd meg til å vere ein leiar og ein endringsagent i det dynamiske feltet menneskerettar, seier Sellami.

Arbeidslivsintegrert

Dette fekk ho til i sitt treie semester gjennom valemnet The practice of human rights and multiculturalism (usn.no), som inkluderer praktikantplassar (engelsk: internship). 

Programkoordinator for masterprogrammet i menneskerettar og fleirkultur, Åsne Håndlykken-Luz, fortel at det er fleire studentar på studieprogrammet som óg har hatt praktikantplass i FN, og at andre studentar mellom anna har hatt praksisplass fleire andre spanande plassar som til dømes Flyktninghjelpen, på Wergelandssenteret og i Politi-Sørøst.

– Vi er i gang med å etablere fleire avtalar med både offentleg, privat og frivillig sektor. USN er eit arbeidslivsintegrert universitet, og for oss er det avgjerande å gje studentane våre høve til å kople praksis og teori i studiet samtidig som dei får arbeide med dei store samfunnsutfordringar og menneskerettar i praksis, seier Håndlykken-Luz.

Cherine Randi Sellami ved siden av FNs høykommisær Volker Turk og Lotte Knudsen, leder for EUs delegasjon til FN og andre organisasjonar i Geneve. Som ein del av feiringa av det 75-årsjubileumet for verdserklæringa av FNs menneskerettar i 1948,  vart om lag 200 praktikantar samla i FN-kontoret i Geneve.

Krevjande balansegang 

I FN balanserte Sellami to krevjande roller. Den eine som juridisk praktikant i FNS landshøyringar: Universal Periodic Review (UPR). Det er ein prosess der alle FN sine medlemsland blir vurderte av FNs menneskerettsråd (MR-rådet) om korleis dei respekterer og fremjar menneskerettane i landet sitt. Kvart femte år må kvart land levere ein rapport til MR-rådet, og ta imot tilrådingar frå andre land om kva dei kan gjere betre.

– UPR-praksisen lét meg gå djupt inn i nyansane av periodiske gjennomgangar, utforme diplomatiske kommunikasjonar og omfattande tematiske rapportar, vere kontaktpunkt for infografikk mellom anna, seier ho.

Den andre rolla hennar var etterforskningspraktikant i den uavhengige internasjonale granskningskommisjonen for Den syriske arabiske republikken (IICIS/Syrian Commission).

– Tida mi med den syriske kommisjonen gav meg ein praktisk erfaring mellom anna i eit kritisk, høgrisikomiljø og med open kjelde-etterforsking, analyse og omsetjingar, seier Sellami, som fortel at praksisopplevingane var både utfordrande og svært gjevande; dei gav ho eit verdifullt og omfattande innblikk i ulike sider av FN-organisasjonen.

Cherine Randi Sellami og andre FN-ansatte  i et panel under WFUNA Youth Professional Development Program.

Eit høgdepunkt

Engasjementet hennar gjekk òg utover desse to rollene. Ho fekk æra å delta som den einaste talar og paneldeltakar frå UPR i World Federation of United Nations Associations (WFUNA) Youth Development Program.

– Denne plattforma gjorde det mogleg for meg å uttrykkje synspunkta mine og bidra til meiningsfulle diskusjonar om globale spørsmål, seier ho.

I tillegg hadde Sellami privilegiet av å bidra til FN sitt medialag og i FNs sitt regionalkontor for Midt-Austen og Nord-Afrika (MENA), der ho fekk god bruk for sine språkdugleiker i fransk, engelsk og arabisk.

– Engasjementet mitt med spesialprosedyrar mangfaldiggjorde opplevinga mi ytterlegare, og auka forståinga mi av internasjonale mekanismar i menneskerettsvern, seier Sellami.

Eit høgdepunkt i FN-praksisen hennar var sjansen til å samhandle direkte med høgkommissæren for menneskerettar, og diskutere kritiske spørsmål knytte til framtida for menneskerettar og inkludering av underpriviligerte befolkningar.

– Dette lét meg bidra med perspektiv på korleis møte utfordringane som marginale grupper står overfor og påverke høgnivåtenking på desse avgjerande spørsmåla, seier Sellami.

Cherine Randi Sellami styrar eit stort kamera i ein FN-sal. Foto

Ein triumf i Italia

Alle desse moglegheitene baud seg som fylgje av triumfen hennar i Padova Model UPR i Italia i 2022.

Padova Model UPR er ei årleg akademisk simulering av FN-landshøyringane – UPR, og det heile går føre seg på Universitetet i Padova i Italia. Les meir om dette: USN-studentar vann Padova Model UPR (usn.no)

Som fyrsteårsstudent, saman med medstudent Malak Ben Achour, vart ho kåra til «beste NGO», ei anerkjenning som markerte byrjinga på ei rekkje imponerande prestasjonar.

LES ÒG: Malak Ben Achour about USN MSc Human Rights and Multiculturalism: "A gateway to joining the global dialogue on human rights" (usn.no)

Under den sju månader lange praksisen var ho òg aktivt involvert i Scholars at Risk sitt Student Advocacy Seminar (usn.no), der ho bidrog som juridisk rådgjevar. Dette engasjementet nådde eit høgdepunkt under Student Advocacy Days i Trento i Italia, der ho stolt representerte USN. 

Cherine Randi Sellami og presidenten for FNs råd for menneskerettar, H.E. Václav Bálek. Foto

Hjartet og sjela 

Desse fantastiske moglegheitene har ikkje berre vist fram Sellamis engasjement for framifrå akademiske prestasjonar, men dei har òg framheva verdien av hennar tidlegare profesjonelle erfaringar innan internasjonal lov, diplomati og menneskerettar.

 

Cherine Randi Sellami ogEric Tistounet, leder for FNs råd for menneskerettar sin avdeling av kontoret til FNs høykommissær for menneskerettar. Foto

– Eg er djupt takksam for avgjerda mi om å ta masteren i menneskerettar og fleirkultur ved USN som min andre mastergrad. USN utmerkar seg ikkje berre med akademiske tilbod, men òg med det livlege, fleirkulturelle studentmiljøet, som spelar ein avgjerande rolle i å gjere det mogleg for studentar som meg å realisere ambisjonane våre, seier Sellami.

Ho er vald av medstudentane sine i Drammen som campusleiar. En rolle som ho har fått rikt utbytte frå:

– Studentmiljøet på USN er ikkje berre aktivt, men innflytelsesrikt, og Denne rolla har ikkje berre lét meg ytterlegare forsterke studentstemma og bidra vesentleg til det livlege akademiske miljøet vårt, men òg vist meg at på USN er studentane ikkje berre deltakarar i den akademiske prosessen, dei er hjartet og sjela, verdsette og prioriterte i alle aspekt, seier Sellami