Vis studievalg

Campus Rauland

På Rauland ligger alt til rette for at du som student får en aktiv fritid hele året

Studietilbud på Rauland

Rauland er ei bygd i Vinje kommune med vakker natur og rike tradisjonar innan folkekunst og folkemusikk, midt mellom Oslo og Bergen. Institutt for folkekultur på Rauland har nasjonalt hovudansvar for høgare utdanning innan tradisjonskunst - folkemusikk og folkekunst.

Rauland er kjend for å ha eit godt studentmiljø, både i studiesamanheng og på fritida. Studentane er aktive deltakarar i arrangement på skolen og i bygda, gjennom konsertar, pubkveldar, utstillingar, filmklubb, dans og idrett. Studentane deltek også på festivalar og seminar i inn- og utland, i regi av skolen, eller gjennom instituttet sine nettverk.

Studentmiljøet på Rauland er prega av studentar frå både inn- og utland, lærarar med spisskompetanse og dyktige gjestelærarar.