USNs minste campus veks

GODT DRIV: Campus Rauland støttar godt opp om slagordet til bygda «Det går an på Rauland». Dei to bygningane nedst på biletet er studentbustader som skal stå klar til studiestart. Studenthuset blir planlagt til høgre for desse bustadene. Foto: SKORVE Entreprenør.
GODT DRIV: Dei to bygningane nedst på biletet er studentbustader som skal stå klar til studiestart. Studenthuset blir planlagt til venstre (foran) for desse bustadene. Foto: Skorve Entreprenør.

Oppgradering av verkstader og bygningsmasse, 42 nye studentbustader og eit studenthus som er under planlegging. Mykje har skjedd på campus Rauland dei siste åra.

– Vi er heldige som får svært mange dedikerte studentar til å flytte hit for å studere. Mange har ein sterk lidenskap for faget, og det gjer noko med miljøet, seier Stian Roland, som leier Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på campus Rauland med rundt 140 studentar og 25 tilsette.

Som eit resultat av dette er Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg (SSN) i gang med bygging av 42 nye studentbustader knytte til campusområdet. Studentbustadene skal stå klare til studiestart. Då blir det totalt 62 studentbustader tilknytte campusområdet.

Under koronapandemien var campus Rauland gjennom ei planlagd ombygging som gav eit nytt og imøtekommande inngangsparti. Dette opna bygget opp mot naturen utanfor og tok lyset inn. Alle verkstadene var også gjennom ei oppgradering som har gitt svært gode arbeidsforhold for studentane. Det stod klart i 2021.

I tillegg fekk studentane ei eiga studentkantine og felles tilhaldsstad, slik at dei kan bruke ettermiddagar og helgar på universitetet.

LES OGSÅ: Slik er det å være student på Rauland

– Vi er heldige som får svært mange dedikerte studentar til å flytte hit for å studere, seier Stian Roland som leier Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk.

Noregs beste studentmiljø

Ikkje berre fasilitetane er bra, men også studentmiljøet. I Studentenes helse- og trivselsundersøkelse (SHoT) frå 2022 kom det fram at campus Rauland har det aller beste studentmiljøet i landet. Her svarer 93 prosent av dei spurde at dei er svært fornøgde med studentmiljøet.  

Roland trur den tette kontakten mellom studentar og tilsette er med på å skape eit godt miljø.

– Vi har eit svært solid fagmiljø med tilsette som ikkje er redd for å ta i eit tak. Svært mange medarbeidarar har gjennom mange år lagt ned eit solid grunnlag for å byggje opp det vi har i dag, og no har det komme mange nye krefter til som kan ta stafettpinnen vidare. Samarbeidet med Vinje kommune er også svært godt, noko som sikrar at vi kan ta godt imot både studentar og at tilsette som søkjer seg hit, seier Roland.

Det blir også jobba med å få etablert eit studenthus på same tomta som studentbustadene.

LES OGSÅ: Har funnet seg til rette på Rauland

LYSERE TIDER: Den nye foajeen som stiller ut studentarbeid tar inn både lyset og naturen utenfor.

Kommunen er med

Vinje kommune yter tilskot til oppføring av studenthuset, noko som har vore veldig viktig for å kunne realisere dette ønsket. Saka skal gjennom ei byggjesaksbehandling, og Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg (SSN) forventar å få inn pris på oppføring av bygget snart.

– Vi har gode signal på at oppføringa av bygget blir godkjend i kommunen og håpar sjølvsagt at vi får ein pris som ligg innanfor kostnadsrammene våre, seier Lisbeth Varpe, som er prosjektleiar for eigedomsutvikling i SSN.

Embla Olsen er campusleiar og student på bachelor i folkemusikk. Ho synest utbygginga på campus er positivt for studentane.

– Eg trur dette blir veldig fint, for det har vore mangel på studentbustader her. Eit studenthus blir også veldig bra, då har vi ein stad som er vår, der vi kan samlast, spele spel og ha arrangement. Det verkar som om studentane er gira, seier Olsen.

Alle verkstedene har blitt oppgradert. Dette er verkstedet til studentten på treverkstedet.

Nye studieprogram i folkemusikk og tradisjonskunst

I tillegg kan Rauland frå hausten tilby nye studieprogram som erstattar dei tidlegare studia innan folkekunst og folkemusikk. Det blir no fokusert meir på kontakt med arbeidslivet gjennom praksis og ulike valemne som didaktikk/metodikk, kulturbasert næring og utplassering i bedrift i inn- eller utland (internship). 

– Vi ser at arbeidslivet etterspør kompetanse vi kan bidra med, og då er det viktig at vi formar utdanningane saman med arbeidslivet. Gjennom ein prosess over fleire år har vi fått mange gode innspel på kva utdanningane våre bør innehalde for å dekkje samfunnsbehovet. Det blir også lagt opp til at studenten sjølv kan vere med å skape sin eigen spisskompetanse gjennom ulike spesialiseringar i studia. Vi håpar vi har treft spikaren, seier Roland

LES OGSÅ: – Vi blir bedre forberedt på lærerjobben