– Dette er første gang eg er her på campus, og eg gler meg allereie til å kome tilbake igjen, og til å bli tettare kopla på universitetet, seier Silje Larsen Ottedal, nesteleiar i elevrådet på Thor Heyerdahl vidaregåande skole.
Onsdag 4. mai inngjekk skolen hennar – og dessutan Horten vgs. – ein avtale med USN om universitetsverksemd, der skolane blir universitetsskolar.
- LES ÒG: – Nå er vi universitetsskole! (vtfk.no)
– Eg er stolt av å kunne seie at eg går på ein universitetsskole. Denne avtalen betyr mellom anna at elevane kan forvente auka undervisningskvalitet pluss mange nye og spanande moglegheiter, seier påtroppande elevrådsleiar ved Horten vgs. Erlend Linde-Nielsen.
Arbeidslivsrelevant opplæring og utdanning
Kvar universitetsskule utvikler eigne prosjekt saman med USN for å lukkast med måla sine. Eit overordna og uttalt føremål med universitetsskoleavtalane er å utvikle og styrke opplærings- og utdanningstilboda mellom dei aktuelle vidaregåande skolane og USN.
– Det er viktig å jobbe for ei betre samanheng mellom vidaregåande opplæring og høgare utdanning, og å gjere utdanningane endå meir relevante med tanke på vidare arbeidsliv. Overgangen frå vidaregåande skole til høgre utdanning peikar seg ut som ei felles utfordring, og alle dei sju universitetsskolane er interessert i utviklingsarbeid som kan bidra til at elevar er studieførebudde, forklarer Kristin Barstad, som leiar USN Profesjon, som arbeidet med universitetsskolane spring ut frå.
USN Profesjon er eitt av målområda i USNs utviklingsavtale med Kunnskapsdepartementet.
Koplingspunkt med næringslivet
Måndag 9. mai var det Kongsberg vgs. sin tur til å bli innlemma i «universitetsskole-familien». Frå før har USN inngått slike avtalar med Drammen, Notodden og Porsgrunn vidaregåande skular.
– Dette høyrest spanande ut, seier yrkesfagelev Bo Chevis, som òg er nestleiar i elevrådet ved Kongsberg vgs.
Yrkesfaga på Kongsberg vgs. har allereie svært gode koplingar mot næringslivet på Kongsberg, og Chevis satsar på å gjere bruk av dei for å ta fagbrev i IT.
Leiar i elevrådet ved Kongsberg vgs., Cecilie er nettopp ferdig med tre år på forskarlinja (studiespesialisering), og ho kunne ønskt seg enda sterkare koplingar mot næringslivet – òg for hennar elevgruppe.
– Viss denne avtalen kan bidra til at også meir teoretiske elevar som meg får tettare kontakt med arbeidslivet, er det veldig bra, seier ho.
Partnarar i augehøgde
Skolane som no har universitetsverksemd med USN er valt med omhu:
– Vi inngår ikkje samarbeid med kven som helst. Vi vel spanande skolar med høgt pedagogisk blikkfeste. Skolar som vi meiner vi kan bidra til å vidareutvikle, men som òg kan bidra til å vidareutvikle universitetet som lærarutdanningsinstitusjon. Vi er ute etter givande, men gjerne òg krevjande samarbeidspartnarar for universitetet, seier USN-rektor Petter Aasen.
Han framhevar at partnarskapet i universitetsskole-samarbeidet skal vere av likeverdig art:
– Universitetsskolane og USN skal etablere eit nært og forpliktande samarbeid, men vi skal òg vere likeverdige. Vi ønsker å legge til rette for samarbeidsarenaer der medarbeidarane våre møter kvarandre i augehøgde når dei saman skal utvikle både grunnopplæringa og universitetet til beste for elevar, studentar og samfunnet, seier Aasen.
«Fleirfibra samarbeid»
Avtaledokumenta er sjølvsagt unike for kvar einskilde skole, og du finn dei alle her: Universitetsskolar (usn.no)
Universitetsskoleavtalane skal alle bli karakteriserte ved det rektor Petter Aasen kallar eit «flerfibra samarbeid» om følgjande:
- forsking, utviklingsarbeid og nyskaping
- studieførebuing (overgangen frå vidaregåande opplæring til høgare utdanning)
- praksis som læringsarena for USN-studentar
- utdanningsløp på skolane
- kompetanseutvikling gjennom etter- og vidareutdanning for lærarane på skolane
- kombinerte stillinger og hospiteringsordningar
- lærlingar
- spesialundervising
- sosialpedagogisk rådgjeving
- digitalisering
- internasjonalisering
- leiing og organisasjonsutvikling
- offentleg sektors ph.d.-ordning
- rekruttering til studiar
- partnarskap i søknadar om tildeling av forskingsprosjekt