Augustsola varmar opp tolv telt på campus Notodden ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN), som vi for høvet kan døype om til «Camp Notodden».
Det nett- og samlingsbaserte studietilbodet i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) har to fysiske samlingar kvart semester. Studentar som bur i distriktet kan pendle, medan dei som bur lenger unna, overnattar i studentbustader, på hotell, Airbnb eller i telt, som dei tre vi møter over morgonkaffien før dagens første førelesing.
Universitetet legg til rette for overnatting på plenen mellom uteklasserommet og kjøkenhagen.
– Mange kjem langvegsfrå, så det blir veldig hyggeleg og sosialt når vi samlast, fortel Anna Sonne Mølck.

Ho har reist heilt frå Lofoten, der ho arbeider med friluftsliv etter å ha teke ein bachelorgrad i faget. No skal ho ta den eittårige utdanninga for også å kunne arbeide som lærar.
– Det opnar for mange fleire jobbmoglegheiter, og eg kunne godt tenkje meg å arbeide med barn og unge, seier ho.
Dagen før var det byvandring og grilling for dei om lag 150 nye studentane. Overnatting i telt er gratis, og på campus har studentane tilgang til bad og dusj.
LES OGSÅ: Hva er fagkravene for å ta PPU?
Mange inngangar og utgangar
Inne på campus startar undervisninga opp med både årets nye kull og dei som har valt å ta utdanninga på deltid over to år. Dei aller fleste har jobb ved sida av studia, og mange arbeider allereie som lærarar i skulen. Vegen dit har vore ulik for kvar einskild, noko dei også illustrerer i dagens første oppgåve: Visualiser di eiga skulehistorie med teiknesaker.
I klasserommet sit mellom anna ein tidlegare fotballspelar, ein veterinær, ein arkitekt, ein lysteknikar, ein kunstnar, ein politisk rådgjevar og ein rekneskapsførar. Dei har reist hit frå Berlin og Svalbard, frå Kautokeino, Flå og Oslo.
– Det er ein mangfaldig gjeng med mykje levd liv, seier Guro Hansen Helskog, som leier undervisninga i dag saman med Camilla Angeltun.

Monica Haugo er utdanna barne- og ungdomsarbeidar, og har mellom anna teke ein bachelorgrad i historie i Bø. Ho arbeider som lærar, men har ikkje hatt lærarutdanning. Med PPU i boks vil ho vere formelt kvalifisert til kontaktlærarjobben ho har i dag.
– Vi har nettundervisning gjennom året i tillegg til desse samlingane. Det er spennande å møte folk og høyre om dei ulike erfaringane folk har, og dele på tvers. Det gir eit fellesskap å møtast, og det gjer det lettare å halde motivasjonen oppe, seier ho.
Rundt bordet sit medstudentar med ulik bakgrunn, erfaring og mål for utdanninga si. Nokre arbeider allereie i skulen, medan andre ønskjer å ha moglegheita på sikt. Det kan òg vere aktuelt å arbeide i kulturskule eller folkehøgskule.
LES OGSÅ: Forskjellige veier til å bli lærer
Lærarar til distrikta
Vegard Svenning frå Odda var eigentleg rekneskapsførar, men syntest det vart keisamt i lengda. Ved sida av byrja han å arbeide som økonomilærar på vidaregåande skule.
– Det var mykje kjekkare å arbeide som lærar. Då eg fekk tilbod om fast jobb, sa eg opp rekneskapsjobben og tek no PPU for å bli fullt kvalifisert som lærar, seier han.
Distrikts-Noreg treng fleire lærarar, og PPU er ein måte å sikre god kompetanse i både fag og pedagogikk i skulen på.
Sidemannen Ulrik Seim Skjærvold bur på Svalbard og arbeider som assistent ved skulen der.

– Når eg får PPU, er eg òg formelt kvalifisert til å arbeide som lærar, seier han.
Studentane vel eitt eller to fag dei vil spesialisere seg i som ein del av utdanninga, til dømes matematikk, friluftsliv eller samfunnsfag.
LES OGSÅ: Praktisk-pedagogisk utdanning kan gi deg ny jobb om ett år
Også lærarar til yrkesfag
Studietilbodet i PPU er populært og hadde ventelister etter årets opptak. Ved USN kan du studere PPU på campusane Notodden og Vestfold. I tillegg startar universitetet i år opp eit etterlengta tilbod med PPU-Y, praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag.
Noreg treng òg mange kvalifiserte lærarar i yrkesfagleg opplæring. Neste veke samlast ein ny gjeng framtidige lærarar på Notodden når den første samlinga for det nye studietilbodet går av stabelen.

– Utdanninga svarar på eit stort behov for lærarar som har kompetanse til å undervise ei aukande gruppe elevar, nemleg dei som vel yrkesfag, seier Åsmund Aamaas, som er programkoordinator for PPU ved USN.
Med PPU-Y får folk med fagbrev høve til å byggje på med den pedagogiske kompetansen dei treng for å få fast jobb som lærar i yrkesfagleg opplæring. Det første kullet i samlast på campus Notodden neste veke.
– Sjølvsagt er dei òg invitert med på sosiale aktivitetar utover det reint faglege under samlinga si, som byvandring og felles middag, seier Aamaas.
