– Det er utruleg fint at vi har eit universitetsmiljø som tek ansvar og tilbyr dette studiet og fører kunnskapen vidare. Det er ei smal nisje, men ein viktig del av kulturarva, seier Mette Vårdal.
Ho er historikar, bunadskjennar og er henta inn som emneansvarleg for det nye studietilbodet «Bunadsbruk og folkedrakthistorie» ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN), campus Rauland.
Hausten 2026 startar eit deltidsstudium på 30 studiepoeng som gir ny innsikt i tradisjonane kring folkedraktbruk, og i bunaden som symbol og identitetsmerke.
– Det har vore stor etterspurnad etter denne kunnskapen, så vi er veldig glade for å kunne tilby dette frå hausten av, seier Terje Nilsen Haugen, nestleiar ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på USN.
Utforminga av bunadsstudiet er gjort i samarbeid med Norsk Husflidlag, Studieforbundet kultur og tradisjon, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og fagtilsette ved instituttet på campus Rauland.
LES OGSÅ: Oppretter bachelor i folkedans
Superpopulære studieplassar
Ved søknadsfristen har det nye studietilbodet dobbelt så mange søkjarar som det er studieplassar.
– Det viser at dette er eit felt der mange ønskjer meir kunnskap, særleg blant dei som jobbar profesjonelt med bunad og folkedrakt, seier Vårdal.
Studietilbodet er ope for alle som ønskjer å lære meir om bunadsbruk og folkedrakthistorie, men hovudmålgruppa er bunadstilverkarar, draktinteresserte og andre som arbeider med bunad og folkedrakt.
– Dette er eit felt mange meiner mykje om. Då er det nyttig å få litt kjøt på beinet dersom ein til dømes produserer bunader eller jobbar med sal av bunader. Ein får mange vanskelege spørsmål, som det er godt å vere førebudd på å svare på, seier Vårdal.
LES OGSÅ: Ny doktorgrad på norske fiolinar
Svar til bunadspoliti og andre interesserte
Studiet er ikkje praktisk retta, men legg vekt på teoretisk og historisk innsikt i eit felt mange har ei meining om.
I 2024 kom bunaden inn på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Nesten 70 prosent av alle norske kvinner har minst éin bunad, og om lag 20 prosent av alle menn eig eit slikt festplagg, ifølgje Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

Og like sikkert som at det blir is til ungane på nasjonaldagen, kjem debatten om bruk og utforming av nasjonaldrakta i desse maidagane.
– Det trengst folk som kan bidra i debatten på ein sakleg og kompetent måte. Det er som regel lita samanheng mellom kor mykje kunnskap du har, og kor streng og sint du er som bunadspoliti, seier Vårdal.
– Vi vil ikkje kome med peikefingrar. Det er viktig å hugse at bunaden uansett er til for å feire positive verdiar, demokrati og fellesskap – ikkje for å sjekke om naboen har stroke skjorta si rett.
LES OGSÅ: Her kan du studere folkemusikk
