EDUC gjer det mogleg for undervisarar og forskarar å byggje nettverk og utveksle kunnskap på tvers av Europa, dele ressursar og nå ut til eit europeisk publikum.
Ved å fokusere på innovative nettkurs og kurs med blanda læringsmetodar, gjev EDUC mange nye høve for deling og nettverksbygging.
- Auk rekkevidda til forelesingane, seminara eller språkkursa dine.
- Opplev intereuropeisk utveksling i førelesingssalen eller på laben.
- Skap eit sterk vitskapleg fellesskap for å ta fatt på dagens problemstillingar saman.
Academic staff: EDUC Alliance – Access the European community
EDUC WIDE
- er forskings- og innovasjonsdelen av EDUC
- tar i bruk verktøy som skal forsterke tverrfagleg samforsking
- utforskar måtar å eskalere teknologioverføringa på innan ulike område, frå IKT til samfunnsvitskap og humaniora
- jobbar med ein langsiktig plan som tek opp sentrale, globale utfordringar
- skal sjå til at borgarar, særleg ungdom, blir engasjert i vitskap
- gjev næring til entreprenørielle tankesett blant studentar og forskarar
- er finansiert gjennom the European Excellence Initiative (EEI) og følgjer Horizon Europe-finansieringa, som gjorde EDUC-alliansens forskings- og innovasjonspilot, EDUC-SHARE, mogleg
Virtuell mobilitet
- EDUC skal utvikle virtuelle emne/kurs som skal undervisast nettbasert frå og med 2024
- Fagtilbodet skal utviklast i samarbeid mellom fagmiljø ved dei ulike universiteta, og USN er ein del av dette
- Våren 2023 blir det utarbeidd eit rammeverk for utvikling av emne/kurs
- Hausten 2023 kom den fyrste utlysinga der vitskapleg tilsette kunne søkje om å utvikle emne/kurs gjennom ordninga.
- Tilsette på USN kan lese meir på vårt intranett: Samarbeidskurs med virtuell mobilitet/utveksling (VM/VE)
Internasjonalisering av studieprogramma
- EDUC skal utvikle eigne tiltak for internasjonalisering av studieprogramma. Ein del av dette vil vere: gjesteforelesingar, undervisning på engelsk, prosjektsamarbeid mellom studentar på tvers av institusjonane, internasjonale problemstillingar i pensum og so bortetter.
- Våren 2023 blir det utarbeidd eit rammeverk for utvikling av internasjonaliseringskomponentar i programma.
- Hausten 2023 kjem ei utlysing for vitskaplege tilsette, kor ein kan søkje om å utvikle internasjonalisering i eige studieprogram gjennom ei ordning.
Tilsette kan lese meir om internasjonalisering av studieprogram og kople seg på via vårt intranett (min.usn.no/educ)
Dobbelt- og fellesgrader
- EDUC skal støtte opp om utvikling av dobbelt- og fellesgrader innanfor alliansen.
- Det skal utviklast felles rammer og rutinar for dobbelt- og fellesgrader for EDUC.
Forskingsbasert undervisning
- Det er utvikla eit eige emne i forskingsbasert metode og vitskapsteori for bachelorstudentar, som blir undervisast delvis nettbasert og delvis med fysisk mobilitet, for studentar frå alle åtte partnarinstitusjonane: Initiation to Research (courses.educalliance.eu)
- Det er utvikla midlertidig tilsetting i forskarstillingar (forskningspraktikant/internship) for bachelor- og masterstudentar:
- Kvar av de åtte EDUC-universiteta arrangerer minst éin forskarsommarskole med blanda undervising (engelsk: blended learning) i 2024, 25 eller 26 for ph.d.-studentar. Tilsette kan lese meir om dette her: Vil ditt fagmiljø arrangere internasjonal forskersommerskole? (min.usn.no)
Studentpraktikant (internship)
Det er utvikla felles ordninger for studentar på tvers av alliansen. Bachelor- og masterstudentar kan reise ut, og USN, med partnarbedrifter, vil få studentar frå dei andre universiteta.
Tilsette kan lese meir og melde si interesseher: Ta imot ein studentpraktikant frå EDUC
Entreprenørskapsutdanningar
Det blir jobba med eit felles rammeverk for entreprenørskaputdanningar på ph.d.-nivå. Her kjem det meir informasjon etter kvart.
Staff Weeks / tilsettmobilitet
EDUC arrangerer jamnleg tematiske «staff weeks» berekna på ulike grupper av tilsette, på tvers av dei åtte universiteta. Målsetjinga er å skape nettverk på tvers og lære av kvarandre.
Dette inneber fysisk mobilitet til partnarane og blir støtta gjennom Erasmus+ sitt stipend for tilsettmobilitet.
Oversikt over kommande «Staff Weeks»: EDUC Alliance (educalliance.eu)