I lag med forskarkollega Michael Jirásek (muni.cz) frå den tsjekkiske EDUC-partnaren vår, Masaryk Universitet, har Jarle Løwe Sørensen og Thomas Brekke utvikla ein av modulane i det digitale sjølvstudiekurset International Entrepreneurial Mindset (educalliance.eu).
Kurset er retta mot ph.d.-kandidatar, utforma for å gje dei verktøy til å posisjonere seg sterkare på ein stadig meir internasjonal og konkurranseprega arbeidsmarknad.
- Les meir: Digitalt kurs: Internasjonal entreprenøriell tankegang
- Påmeldingsfrist: 18. oktober
Dette er eitt av fire aktuelle digitale karrierelæringskurs som EDUC tilbyr til ph.d.-kandidatar i 2025-2026.
Du kan lese meir om EDUCs karrierelæringsaktivitetar for ph.d-kandidatar, og finne enda fleire moglegheiter her: EDUC – For ph.d.-kandidater
Læringsutbytte og relevans
Gjennom ein kombinasjon av teoretiske perspektiv, praktiske øvingar og refleksjon rundt eigne ferdigheiter, lærer deltakarane på International Entrepreneurial Mindset korleis dei kan utnytte sin doktorgradskompetanse på tvers av sektorar.
– Vi legg særleg vekt på utviklinga av tverrfaglege og entreprenørielle ferdigheiter, det vil seie evner som gjer det mogleg å sjå nye moglegheiter, bygge samarbeid på tvers av fag og kultur, og bidra til innovasjon, seier Jarle Løwe Sørensen.
Makker Thomas Brekke legg til:
– Vi meiner kurset vårt gjev ph.d.-kandidatar ein unik posisjon, anten dei ønskjer å forfølgje enn akademisk karriere eller bruke kunnskapen sin i næringsliv og samfunn, seier han.
Direkte nytteverdi
Brekke og Sørensen tok utgangspunkt i eigne fagområde og laga moduler som speglar deira kompetanse, men samstundes la dei stor vekt på å skipe ein heilskapleg struktur:
– Gjennom felles planlegging og dialog sørgde vi for at innhaldet hang saman i ein tydeleg raud tråd, der dei ulike delane bygde på kvarandre og gradvis utvida perspektivet for deltakarane, forklarar Sørensen.
Målet var å kombinere teori og praksis på ein måte som både gjev fagleg djupne og samstundes direkte nytteverdi:
– Resultatet er eit kurs som ikkje berre styrker deltakaranes akademiske ferdigheiter, men òg førebur dei på praktiske utfordringar dei vil møte i overgangen til arbeidslivet, seier Brekke.
Endringsagentar
Dei to ser store moglegheiter for vidareutvikling av kurset i åra som kjem, og ønskjer sjå til at det blir ein enda sterkare brubyggjar mellom akademia og arbeidslivet, og samstundes bidra til å styrkjerolla til ph.d.-kandidatane som endringsagentar i samfunnet.
– Ein naturlig retning er å oppdatere nokre av modulane med nyare rammeverk for entreprenøriell læring. Dessutan vil vi utvide med bransjespesifikke døme, i tillegg til tettare samarbeid med næringslivet, slik at deltakarane får erfaring med korleis deira kompetanse kan brukast i konkrete kontekster, fortel Sørensen.
Det kan òg bli aktuelt å innføre meir interaktive læringsformer – som verkstadar, gruppeoppgåver og øvingar – for å gje enda meir praksisnær erfaring og nettverksbygging.
