Unikt høve for folkemusikkstudentar

Folkemusikkstudentar sit i riung og spelar saman. Foto
INTERNASJONALT: Folkemusikkstudentar får gode høve for samspel og interaksjon med medstudentar i Europa gjennom prosjektet «Traditional Music Undergraduate Network in Europe» (Tune). Biletet er frå eit kurs under Vinterfestivalen. Foto: Stian Sande / USN

USN leier prosjektet TUNE, som får over tre millionar frå EU for å skipe eit studietilbod verda aldri har sett maken til.

I samband med Rauland Internasjonale vinterfestival 2022, var det «avspark» («kick-off») for eit stort, internasjonalt samarbeidsprosjekt som heiter TUNE. TUNE står for «Traditional Music Undergraduate Network in Europe» og er støtta av EU sitt ErasmusPluss-program med 354.000 euro. 

Det treårige prosjektet har ein ambisjon om å utvikle eit felles bacheloremne i folkemusikk med ei blanding av nettbasert og fysisk undervisning. Noko slikt finst ikkje i verda i dag.

Førebudd på arbeidslivet

– Målet vårt er å auke studentane sin kompetanse og medvit omkring identitet og kulturarv i eit europeisk perspektiv. Gjennom nettverksbygginga, som inneber erfaring med profesjonell formidling og utvikling av digital dugleik, vil studentane også bli betre førebudd på yrkeslivet, fortel prosjektkoordinator for TUNE, Laura Ellestad, ved institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på campus Rauland. 

Samarbeidet involverer høgare musikkutdanningsinstitusjonar i fire andre europeiske land (Estland, Frankrike, Hellas og Spania) i tillegg til USN Rauland.

Som ein del av prosjektet inngår «intensive veker», der studentane frå samarbeidsinstitusjonane kvart semester kan møtast fysisk på dei ulike studiestadane for å halde konsertar og verkstad (workshops) saman.

Den fyrste av desse treffane blir i Hellas våren 2022.

Ein del av Vinterfestivalen

Våren 2023 er planen at studentar og undervisarar frå dei fem institusjonane skal møtast og bidrege under Rauland internasjonal vinterfestival.

LES OGSÅ: Satsar på fulle dansegolv

Som ein del av «avsparket2 for TUNE-prosjektet, 17.-18. februar, var representantar frå alle Tune-institusjonane sterkt til stades under årets vinterfestival. Fleire av dei er profesjonelle musikarar, og dei tromma saman ein eigen konsert – «ein musikalsk cocktail» – som en del av årets festivalprogram.

Representantar frå samarbeidspartnarane i Tune-prosjektet på scena saman under Vinterfestivalen 2022