TUNE står for Traditional Music Undergraduate Network in Europe og er eit prosjekt finansiert gjennom EU-programmet Erasmus+.
Prosjektet er eit samarbeid som involverer høgare musikkutdanningsinstitusjonar i fire andre europeiske land i tillegg til institutt for tradisjonskunst og folkemusikk ved USN på Rauland, som er koordinator for prosjektet.
Felles bacheloremne i folkemusikk
Dette treårige prosjektet har ein ambisjon om å utvikle eit felles bacheloremne i folkemusikk basert på blanda mobilitet, altså ein kombinasjon av kortare fysisk mobilitet med ein obligatorisk virtuell komponent.
Målet er å auke kompetansen og medvitet til studentane omkring identitet og kulturarv i eit europeisk perspektiv.
Vi freistar å omfamne det lokalt forankra, samtidig som vi overskrid det, med sikte på å introdusere studentar og fakultet til mangfaldet av tradisjonell musikk i Europa, samtidig som vi overfører vår eigen tradisjonskultur til andre.
Profesjonell formidling
Gjennom nettverksbygginga, som inneber erfaring med profesjonell formidling og utvikling av digitale evner, vil studentane òg bli betre førebudd på yrkeslivet.
I opplegget inngår «intensive veker», der studentane kvart semester kan møtast fysisk på dei ulike studiestadene og halde konsertar og verkstad saman. Den første av desse treffa blir i Hellas våren 2022.
Våren 2023 planlegg vi at studentar og lærarar frå dei fem institusjonane skal møtast under den årlege Rauland internasjonale vinterfestival. Representantar frå partnarinstitusjonane deltok på scena under vinterfestivalen 2022, for å markere avsparket for prosjektet.