Berekraftstipend for masteroppgåve om ull

Portrett av Nina LAborn med tova ullprodukter  i bakgrunnen.
BEREKRAFTIG OPPGÅVE: Nina Alsborn har i masteroppgåva undersøkt potensialet som ligg i vårull frå gammalnorsk spælsau som berekraftig ressursutnytting. (Foto: Privat)

Mykje ull frå gammalnorsk spælsau går rett i søpla. Nina Alsborn har forska på korleis den heller kan brukast. No vil ho sette resultata ut i live.

– Denne ulla er i høgste grad egna til toving. Det er openbert. Vårulla tover seg raskt og godt, og tekstilane visar ein stor variasjon når det kjem til bruksområde, fortel Nina Alsborn.

Gjennom sitt masterprosjekt i tradisjonskunst ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) har ho satt seg føre å undersøke potensialet som ligg i vårull frå gammalnorsk spælsau som berekraftig ressursutnytting. 

For masterprosjektet ble Alsborn tildelt høgste karakter i masterstudiet ved campus Rauland denne våren. Ho får medvind frå USNs Senter for berekraftig omstilling, og er blant dei sju som hittil i år er tildelt berekraftstipend. I løpet av 2022 deler USN ut til saman 200 000 kroner for å styrke masterprosjekt som tek for seg berekraftperspektiv. 

Alsborn er òg aktuell i september, både med tovekurs i på Raulandsakademiet og med Pecha Kucha-presentasjon om masterprosjektet sitt på Stasjonen bar i Tønsberg:

 

 

Gjort verdilaus

Ull er i vinden og blir løfta fram som ein av mange viktig komponentar i den berekraftige omstillinga av samfunnet. Den kjemikaliefrie og slitesterke ulla har ein rekke eigenskapar som gjer den egna til mykje meir enn berre tekstilprodukt. Til dømes kan ulla brukast til lydisolering, romdeling eller takkonstruksjon. Og interessa er stor.

I masterprosjektet har Alsborn jobba ut ifrå ein definisjon på berekraft som ikkje berre set søkelys på ei framtid for menneskelege behov, men òg korleis ein kan motverke tap av ressursar for alle.

– Eg legg vekt på korleis vi kan bruke fortidas materialkunnskap og tekstilteknikkar inn i ei berekraftig framtid. Trua på teknisk innovasjon der handverkskompetanse og materialkunnskap legg grunnlag for ny småskalaindustri er stor, seier Alsborn.

Innretninga av tilskotsordninga for ullprodusentar blei endra av Landbruksdirektoratet i 2016, noko som har stimulert til auka produksjon, i hovudsak basert på ull frå moderne norske kvite sauar. 

gammalnorsk spælsau i naturlandskap. fotoSamstundes går svært mykje ull frå til dømes gammalnorsk spælsau til spille, for tilskotet for ein stor del av den pigmenterte ulla, er fjerna fullstendig. Dette gjeld i stor grad ulla frå dei eldste sauerasane, særleg vinterulla, som blir klippa av om våren. 

Det er her Alsborn kjem inn.

LES OGSÅ: Nytt mastersipent innen bærekraft

Praksis som forsking 

Ulla frå gammalnorsk spælsau er samansett av to typar fiber: den mjuke bunnulla og dei grovare dekkhåra. Prosjektet til Alsborn syner at dekkhåra speler ein viktig rolle når det kjem til haldbarheit, men det gjeld òg for måten ulla blir handsama på før toving. Viss ulla blir tova av berre bunnull, kan den òg gje både mjuke og florlette tekstilar. 

Ho valte å arbeide med ein metode som involverer praksis som forsking. Det innebar omfattande praktisk utprøving og kategorisering av både manuelt og maskinelt tova ull.  Dette finst no tilgjengeleg presentert i eit eiget hefte. Heftet kan lesast opp mot avhandlinga hennar, men òg brukast som ein database for kva ein kan oppnå med tova tekstilar laga av denne typen ull.

– At mykje av ulla frå gamle sauerasar er klassifisert som eit avfallsprodukt, gjer ikkje berre eit monaleg tap for dei mange bøndene som driv med disse dyra, men òg for vår felles evne til å realisere det berekraftige potensialet som ligg i den nordiske kulturarva, seier Alsborn.

Ho visar til dei mange historiske døma på høgt verdsette produkt som vikingskipssegl, fiskarvottar, båtteppe, og klede av «vadmel» og billedvev, alt laga av nettopp dobbeltbelagt, pigmentert ull, nett som den gammalnorsk spælsau stadig ber i dag. 

Frir til industrien

Prosjektet hennar lever vidare. Berekraftstipendet på 25.000 kronar vil ho bruke til omsetje resultata sine til realitet i samarbeid med norske produsentar.

– Eg har allereie planlagt nokre industribesøk. Målet mitt er å knyte saman handverkskompetanse og materialkunnskap og legge grunnlaget for utvikling av industri basert på toving av denne ulla. Då treng vi å finne ut kva maskinelle verktøy som kan utviklast, seier ho.

Toving er ein enkel måte å forvandle ull til kommersielle produkt. Det faktum at det ikkje krevst verktøy i toving, kan gje en fordel for bønder eller lokale produsentar, men Alsborn trur ikkje manuell toving er svaret på korleis vi kan utnytte all ulla som i dag blir kasta.

Tova ullprodukter

– Det er nokre faktorar som gjer manuell toving tøft, både på kroppen og for det økonomiske overskotet. Sjølv om forbrukarar i dag er villige til å betale meir for lokale, naturlege produkt, så finst det likevel ei øvre grense, seier ho.

Ein katank, en tradisjonell tova støvel, kan til dømes ta fleire timar å lage og krev ein monaleg mengd materiale. Sjølv om ulla ikkje er den dyraste faktoren i likninga, vil arbeidstida gje svært høge salsprisar. Mengda ull som i dag ikkje brukast er også alt for omfattande i volum til å ble tatt vare på manuelt. Difor trur ho industrihjelp er naudsynt.

– Eg trur vi kan få ut småskala tovemaskiner som det kan byggast næring på. Og vi skal ikkje berre bruke ulla, vi skal bruke ho til produkt som skapar så høg konsumverdi at det genererer pengar helt tilbake til bonden igjen, seier ho.

LES OGSÅ: Internasjonalt og unikt studiemiljø på Rauland 

Om toving 

  • Toving er ein teknikk kor fibrar blir omdanna til eit samanhangende flak ved hjelp av vann og bevegelse. Fibrane blir filtra saman, og tjukkleiken på det ferdige produktet avheng av kor lenge operasjonen blir utfort og kvaliteten på fibrane. 
  • Toving er enklast å utføre i animalske fibrar som ull og silke.
  • Teknikken gjeng òg under namnet filting, som i dag blir brukt mest om maskinell framstilling av større flak.

Kilde: SNL/toving

Om USNs bærekraftsstipend

  • Alle masterstudenter ved USN som vil jobbe med bærekraftperspektivet i sin masteroppgave. kan søke stipend med mål om å styrke masterprosjektet sitt.
  • Midlene kan for eksempel brukes på reiseutgifter, datainnsamling, utstyr, bøker eller kurs og konferanser.
  • Her ser du hvem som er tildelt stipend hittil (usn.no/sbo)
  • Neste søknadsfrist er 1. oktober 2022.

Les mer på usn.no/sbo

Om masterprosjektet «Møt materialet på halvvegen»

  • Engelsk tittel: «Meeting the material halfway – Exploring material affordances in Norwegian Old Spæl Sheep spring wool using felting as technique»
  • Norsk tittel: «Møt materialet på halvvegen – Utforsking av materialhøve i vårull frå gammalnorsk spælsau med toving som teknikk»
  • Av: Nina M. Alsborn
  • Last ned heile avhandlinga her: «Møt materialet på halvvegen – Utforsking av materialhøve i vårull frå gammalnorsk spælsau med toving som teknikk»  (.pdf)
  • Alle empiriske data som blei samla inn er kategorisert og presentert i eit eiget hefte. Dette kan lesast opp mot avhandlinga, men òg brukast som ein database for oppnåelege aspekt ved tova tekstilar laga av denne typen ull. Last ned heftet her: Booklet: Meeting the material halfway (.pdf)
  • Samandrag: 

Prosjektet handlar om å undersøke potensialet som ligg i vårull frå gammalnorsk spælsau som berekraftig ressursutnytting. Det vektlegg korleis ein kan bruke fortidas materialkunnskap og tekstilteknikkar inn i ein berekraftig framtid for denne ulla og tekstilproduksjon på generell basis.

Resultata synar at ulla tover raskt og godt, og at foredlinga kan gjerast ved lokale, småskalaindustrier i Noreg i dag. 

Ull frå gammalnorsk spælsau er samansett av to typar fibertypar: den mjuke bunnulla og dei grovare dekkhåra. Dekkhåra viser seg å spele ein viktig rolle i haldbarheitsaspekt, men det har òg måten ulla blir handsama på før toving. 

Ulla kan tovast til minst tre ulike stadium, som alle presenterer ein rekke eigenskapar.

Gjennom å velje mellom ulike funksjonar, som estetiske, tekniske og funksjonelle yteevne, kan designarar, handverkarar eller kunstnarar nytte den tova ulla i ein rekke forskjellige sjølvstendige produkt eller bestanddeler som kan inngå i produkt. 
Funn frå prosjektet understreker òg behovet for ingeniørinnovasjon, for å lage småskala tovemaskiner til bygge nye næringer på.