Lærer av eks-alpinist om uventa hendingar

TILBAKE I SKIBAKKEN Førsteamanuensis Hedda Berntsen visualiserer augneblinken i X-Games då ho måtte ta ei lynrask avgjerd.
TILBAKE I SKIBAKKEN: Førsteamanuensis Hedda Berntsen visualiserer augneblinken i X-Games då ho måtte ta ei lynrask avgjerd. (Foto: Jan-Henrik Kulberg / USN)

Møt studentane som vil vere førebudde når det utenkelege skjer. Dei lærer av tidlegare telemarkskøyrar, alpinist og skicrossutøvar Hedda Berntsen.


Dei jobbar i Vy, Nav, barnevern, beredskapsetatar og ulike offentlege organisasjonar og bedrifter og kan oppleve situasjonar dei ikkje er førebudde på. Det vil seie, no er dei kanskje litt betre førebudde enn dei var.

– Dei siste to åra har vi lært at uføresette hendingar kan råke oss kraftig både som enkeltpersonar, arbeidsplassar og samfunn. Vi har erfart at nokre uføresette hendingar kan vere kortvarige, og andre langvarige slik som pandemien. Det krev kunnskap og kompetanse for å handtere desse utfordringane over tid, seier Håvard Dahl Haugen, Frode Vestgarden, Anne Lie Andreassen og Kjetil Landro.

Dei er studentar ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) på etter- og vidareutdanninga «Det uføresette og beredskap», som dei innvigde berre kalla DU-studiet. Det samlingsbaserte studiet går føre seg på campus Drammen, kvar vi møter studentane på ei av dei siste samlingane våren 2022.

LES ÒG: Forskere: – Koronapandemien har fellestrekk med krig

Krevjande augneblikk i skibakken

Her får dei ei ganske annleis førelesing med tidlegare telemarkskøyrar, alpinist og skicrossutøvar Hedda Berntsen. Ho har mellom anna OL-sølv og X-Games-sølv i skicross, VM-gull i telemarkskøyring og VM-bronse i slalåm. No er Hedda Berntsen førsteamanuensis ved USN, og fortel om nokre mildt sagt krevjande augeblink i skibakken.

Ho viser ein video frå X-Games. Det går rasande fort, og avstanden mellom utøvarane er liten. Plutseleg fell den eine, rett framføre Hedda og rett før ein sving.

– Her må eg ta nokre val i løpet av hundredelar, og eg opplever å ha heilt medvitne tankar i denne situasjonen. Eg vurderte både å bremse, køyre på oversida av henne som fall opp i den doserte svingen eller køyre rett framføre ei av dei andre for å kome først i mål. Eg hugsar eg tenkte: Ok, eg må kome meg inn i svingen, men utan å køyre inn i ei av dei andre. Difor la eg inn ein skrens.

HAR STUDERT DET UFØRESETTE: Frå venstre: Håvard Dahl Haugen, Frode Vestgarden og Anne Lie Andreassen. Kjetil Landro var ikkje til stades då biletet vart tatt.

Berntsen går inn i ein slags hockeyposisjon der framføre studentane, og ein liten augeblink verkar ho å vere tilbake i bakken igjen. Ho seier ho er overtydd om at det er mogleg å tenkje og ta rasjonelle val, sjølv om ho berre har nokre hundredelar på seg. Men det krev at du har førebudd deg på at uventa ting kan skje.

– Dette er ein pågåande diskusjon innan idrettsfeltet. Altså kor vidt ein har evna til å tenkje og ta medvitne val i slike situasjonar.

LES ÒG: Mener norsk politi er for dårlig mentalt forberedt

Uføresette hendingar kan oppstå

Berntsen har fleire gongar opplevd å få det til, men det har ikkje kome av seg sjølv. Det er eit resultat av trening, visualiseringar og at ho har tatt på alvor at uføresette hendingar kan oppstå.

– Den store skrekken min er å kome på eit hopp og merke at eg hamnar bakpå medan eg er i lufta. Difor har eg øva inn ein baklengs salto når eg har trena på vatn. Han er no programmert inn i kroppen min, fordi å falle bakover og kunne hamne på ryggen er marerittet mitt.

Ho snakkar om korleis forsking har vist at det ikkje er sjølvsagt at dei gode kjenslene  får deg til å prestere best.

– Dei gongane eg har prestert best, har det vore ubehageleg og smertefullt.

Så viser ho studentane korleis ho raskt kan kome inn i det ho kallar den optimale prestasjonssona si. Ved hjelp av pust, kroppsrørsler og å klaske seg i ansiktet og på kroppen driv ho opp adrenalinet og får fokus.

– Eg kan kome inn i denne sona på to sekund. Fordi eg har trena på det, fortel Hedda.

LES ÒG: Skal trene brannfolk til å handtere hydrogen-ulykker

Terrorhendingar på tog

Studentane i klasserommet er ikkje toppidrettsutøvarar, men dei kan kome i situasjonar dei ikkje er førebudde på.

– I jobbane våre er vi i randsona av redningsarbeidet. Ofte kan hovudfokuset innan beredskap vere å hindre at noko skjer eller løyse hendingar best mogleg medan det hender. I gruppa vår har vi også vore opptekne av kva som skjer i etterkant når røyken har lagt seg. Beredskap handlar også om korleis vi som samfunn tar vare på dei som er råka av uføresette hendingar, seier Håvard, Frode, Anne Lie og Kjetil.

I oppgåva dei har samarbeidd om, har dei sett på terrorhendingar på tog. Dei har gått gjennom erfaringsrapportar frå to kjende terrorhendingar på tog og t-bane: Madrid i 2004 og London i 2005, samt rapporten frå 22. juli-kommisjonen.

– Caset i oppgåva er relevant for Kjetil som jobbar i Vy som lokførar, og Frode som jobbar i teknisk etat i Drammen kommune. Terror har som grunnleggjande mål å skape frykt i befolkninga, og frå forsking veit vi at slike hendingar påfører menneske både alvorlege kortvarige og varige helseplagar. Caset er difor også relevant for Håvard som møter dei råka i jobben sin i Nav, og Anne Lie som jobbar med forsking på utsette og råka etter vald og traume, fortel dei.

LES ÒG: Deltar i EU-forsking om smittsame sjukdommar på cruiseskip
 

FØRELESARANE: F.v.: Professor Glenn-Egil Torgersen og førsteamanuensis Hedda Berntsen med studentane i bakgrunnen

– Nokre aha-opplevingar i studiet? Moment de ikkje har tenkt over tidlegare?

– Kor viktig det er med samhandling. Nokre av oss jobbar primært med beredskap internt i eigen organisasjon. Det handlar om mellom anna kommunikasjon, tillit, lærande kultur og trening. Dei som jobbar med beredskap mellom ulike etatar til dagleg, veit dette. Studiet har hatt som mål at vi skal kunne ta inn den nye kunnskapen og kompetansen vår på våre respektive arbeidsplassar.

– Vil denne utdanninga endre måten de forheld dykk til beredskap på?

– Ja, absolutt. Det er like viktig å fokusere på godt samspel og gode øvingsarenaar som å trene på dei meir tradisjonelle brannøvingane. Som gruppe representerte vi fire svært ulike arbeidsplassar og fagområde. I gruppearbeidet fekk vi bruk for alt vi har lært om samhandling på studiet. Ingen av oss jobbar til dagleg med innsats/redning. Studiet har difor gjeve oss nye verktøy og perspektiv på beredskap. 

LES ÒG: Nytt materiale skal fange og drepe mikrober, inkludert luftbårne virus

Det uføresette og beredskap

Samlingsbasert etter- og vidareutdanning på deltid som gjev 7,5 studiepoeng.

Dette seier den fagansvarlege:

Glenn-Egil Torgersen er professor i pedagogikk med ein doktorgrad i psykologi. Han har forska mykje på Det uføresette (DU). Torgersen er ein hyppig brukt ekspert på fagområdet, og har jobba tett både med politi, forsvar og ulike beredskapsetatar.

– Kriser, ulykker og katastrofar kan inntreffe både uventa og overraskande. Kva skal ein gjere med slike uføresette hendingar som ligg i yttergrensa av det som samfunnet og nødetatane er førebudde på, og der lite eller ingenting går etter planen, spør Torgersen.

– Ny forsking viser at det finst nokre svar, og dette er pensum i DU-studiet, fortel han.

Sjeldan har vel dette temaet vore meir aktuelt enn i dag, med tanke på aktuelle hendingar både i utlandet og her heime i Noreg.