Nytt masterprogram: Studerer saman frå alle verdshjørne

KUNNSKAP I KRIG: Frå det kvinnelege universitetet i Ahfad, Sudan deltar studentane til tross for at universitetet ikkje lenger fysisk eksisterer. Alle bilete: Privat.
KUNNSKAP I KRIG: Frå det kvinnelege universitetet i Ahfad, Sudan deltar studentane til tross for at universitetet ikkje lenger fysisk eksisterer. Alle bilete: Privat.

På kvar si side av verda sit studentane i det nye masterprogrammet global helse. Saman dannar dei ei smeltegryte av kunnskap, erfaringar og lærdomar.

Klokka er 14 i norsk tid.

I den litle universitetsbyen Manipal i India viser urskiva 17.30. I Ontario i Canada er ho åtte på morgonkvisten.

Det er då professor Line Joranger frå Universitetet i Søraust-Noreg (USN) set seg ned for å ha digital undervising med studentane som sit på kvar si side av kloden, gjennom det nye, heildigitale masterprogrammet Global health - Healthy relationships.

– Det første møtet er alltid spesielt. Ein ser heile verda kjem inn i skjermen, og eg blir så glad sjølv om eg også synest det er litt skummelt. Det er mykje som kan forsvinne mellom skjermar, som kroppsspråk og romkjensle, men vi får likevel til noko som er så varmt. Det blir ei felles forståing og audmjukskap, seier Joranger, som er konsortiumskontakt og programleiar.

LES OGSÅ: Stortingsvalet engasjerer Eda og Victoria: – Endeleg kan eg stemme

Høgt nivå

Masterprogrammet Global Health - Healthy Relationship (GLOHME) er eit program som består av tre enkeltemne og gjev til saman 15 studiepoeng. Ein kan også velje å ta eitt eller to av emna. Det er ein del av det internasjonale konsortiet, altså samarbeid mellom institusjonar, Consortium for Global Health.

PROGRAMLEIAR: Professor Line Joranger frå USN seier studentane kjem med ulike utgangspunkt, men at resultatene er magiske.

I vår var første gong programmet kunne invitere alle partnaruniversiteta til å delta, kostnadsfritt.

– Gjennom programmet lærer studentane om kulturane og tankesetta til kvarandre, om det å utøve helse- og sosialhjelp i krig og konflikt og innanfor ulike kulturar, dei lærer om samspelet mellom dyr og menneske og om velferdsteknologi, seier Joranger.

Kvart av dei tre emna vert avslutta med ein gruppeeksamen kor studentane jobbar på kryss og tvers av kulturar:

– Sensorane på eksamenane i vår fekk bakoversveis av nivået studentane skriv på. Det er så imponerande. Dei kontaktar kvarandre og knyter samband sjølv om dei kjem frå veldig ulike verder, både geografisk og kulturelt.

PITCH: Joranger sjølv har hatt mange møter med partnerinstitusjonane og leiarar i konsortiet for å få fart på emnene som tilbys ved USN. Her er ho fotografert med fleire av dei.

LES OGSÅ: Hva skjer når førsteklassingene bruker halve dagen på lek?

Søkjer kunnskap trass krig

Joranger fortel at spesielt tilbakemeldingane frå dei kvinnelege studentane frå universitetet Ahfad i Sudan har skilt seg ut. Sudan er eit land som dei siste to åra har vore hardt ramma av borgarkrigen, med over ti millionar menneske på flukt.

– Dette er studentar som er i ein aktiv fluktsituasjon, i krig og krise. Studentane var takksame og fortalde kor livsforandrande programmet har vore for dei i denne situasjonen. Vi vart veldig rørte av tilbakemeldingane. Fleire Ahfad-studentar tok alle tre emna og det synest vi var veldig spesielt og imponerande, seier Joranger.

Universitetet deira eksisterer ikkje lenger fysisk og studentane har vore internt fordrivne i sitt eige land. Trass i desse enorme utfordringane har programmet gitt studentane fornya håp og retning, fortel dei sjølv i tilbakemeldingane:

– Det har ærleg talt vore eit høgdepunkt etter alt eg har vore gjennom. Frå krigen, til å bli fordrivne i landet mitt, å bu i IDP-campar (mellombels busetjingsstad) og så gå gjennom internasjonal fordriving på tvers av tre forskjellige land. Det å få høve til å vere ein USN-student betyr alt for meg og det er noko eg alltid kjem til å setje pris på, skriv ein Ahfad-student i si evaluering.

LES OGSÅ: Fikk 20 000 for gode karakterer. Deler sine beste studietips

Laga eigen diplom-seremoni

Også for studentane i India og Bangladesh er det tydeleg at programmet har betydd mykje:

– Desse diploma blir veldig godt mottekne og det er gøy. På universitetet i Manipal hadde dei stilt i stand ein seremoni der dei delte ut diplom frå USN, og det vart ei veldig formell greie. Det same hadde dei i Bangladesh.

DIPLOM: På universiteta i India og i Bangladesh var diploma frå USN godt tekne i mot, med eigne seremoniar.

Programmet er utvikla av fakultetet for helse- og sosialvitskap og er no ein del av Institutt for helse-, sosial- og velferdsstudium (IHSV) ved USN. Programmet har vore svært populært med ventelister i år. No planlegg dei å utvide opptaket med 10 ekstra studieplassar til våren.

LES OGSÅ: Digitaliseringsministeren ble imponert

Kva er eit konsortium?

Eit konsortium er eit samarbeid, i denne samanhengen mellom utdanningsinstitusjonar. Consortium of Global Health er eit samarbeid kor studentar ved dei ni partnarinstitusjonane kan ta emne på kryss og tvers. 

Global Health - Healthy Relationships (GLOHME)-programmet

Eit unikt og nyskapande masterprogram på 15 studiepoeng som tilbyr tre 5-studiepoengemne:

  • Humans Meet Humans (HUMANS)
  • Humans Meet Animals (ANTROZ)
  • Humans Meet Technology (EHEAL)

Desse ni universiteta er medlemar i konsortiet:

  • McMaster University, Ontario, Canada
  • University of Alabama at Birmingham, Alabama, USA
  • Universidad del Rosario, Bogotá, Colombia
  • Universitetet i Søraust-Noreg, Noreg
  • Maastricht University, Maastricht, Nederland
  • Ahfad University for women, Omdurman, Sudan
  • Manipal Academy of Higher Education, Manipal, India
  • Bangladesh University of Professionals, Dhaka, Bangladesh
  • Thammasat University, Bangkok, Thailand

Kven på USN kan søke?

  • Masterprogrammet er først og fremst for studentar ved Fakultetet for helse- og sosialvitskap, og kan verte tatt som valemne.
  • Programmet gjev ei unik moglegheit for masterstudentar ved USN til å delta i eit internasjonalt studieopplegg heimanfrå, då det er heildigitalt.
  • Programmet har emneansvarlege frå alle fakultetets tre institutt.