Grøn studentambassadør: Lea dreg til Europaparlamentet

Lea Maria Schiebe på fjellet. Foto
I SITT RETTE ELEMENT: Masterstudent Lea Maria Schiebe i Finse på oppstartsturen til linjeforeininga for natur og miljøstudentar hausten 2023. (Foto: Privat) Kopirett: USN

Lea Maria Schiebe studerer økologi og miljøforvalting i Bø. No tek ho toget til Strasbourg, kor ho ska delta på European Students Assembly (ESA) for å meisle ut eit felles syn for ei grønare framtida i Europa – saman med andre europeiske studentar.

– Å studere økologi og miljøforvalting har gitt meg kunnskap om korleis klimaendringar påverkar menneske og andre artar, og korleis vi kan ta vare på naturen og klimaet. Eg ser ofte eit stort potensial i moglegheiter for korleis vi kunne behandla naturen og verda generelt betre. Dessverre er det slik at dei som fattar avgjerda mellom anna ofte ikkje sit på kunnskapen om kva som faktisk er naudsynt for å nå målet om ei grønare framtid, seier Lea.

Reiser grønt

For tida har Lea lange dagar på universitetet med fullføring av masterprosjektet sitt, der ho har prøvd å tiltrekkje otrar med tre ulike lukter for å finne ut kva som funkar best. Dette kan hjelpe forskarar vidare for å fange otrar meir effektivt for å kunne merke og spore dei. Ho valde prosjektet mellom anna fordi det gav ho sjansen til å vere mykje ute i felt. 

No er Lea snart på veg til eit noko annleis «feltarbeid». Ho er nemleg valt ut som einaste representant for Universitetet i Søraust-Noreg i European Student Assembly (ESA) 2024 (eucinitiative.wordpress.com), som finn stad i Europaparlamentet i Strasbourg 10. til 12. april 2024. 

Sjølv om det blir litt plundrete, har ho tinga ein god gamaldags interrail billett, slik at ho kan reise grønt, med tog, til og frå Strasbourg.

LES OGSÅ: Natur og miljø-studenter: – Vi er en del av løsningen

Lea Marie Schibe. Foto

Vil påverke EU

ESA er et grasrotprosjekt som spring ut frå European Universities Community (EUC)  

Kvart år samlar ESA meir enn 220 studentar frå European Universities Alliances (EUA) (education.ec.uropa.eu) for å diskutere aktuelle spørsmål, utarbeide policyanbefalingar for Europas framtid og fremje desse blant interessentar og beslutningsstakarar. 

– Ved å delta i ESA, kan eg bruke mi kunnskap og ekspertise til å hjelpe finne løysingar og innovasjonar. ESA vil gje meg verdifulle erfaringar og berekraftige minne, som eg trur vil oppmuntre meg til å bli meir involvert i politikk sjølv; til å komme i kontakt med beslutningstakarar og gjere mi røyst, saman med mange andre europeiske studentar, høyrd i stor skala. Målet er å ha ein positiv innverknad på framtidige EU-reglar, seier Lea.

Fellesskap på tvers av Europa
USN er en del av den europeiske universitetsalliansen European Digital UniverCity (EDUC) (usn.no/educ), og studentar frå alle de åtte partneruniversiteta i EUDC er inviterte til delta på denne treie samlinga til ESA og mottek reisestipend frå EDUC.

– Det er noko veldig fint med det å reise som ein del av ei gruppe, og kunne kjenne på fellesskap på tvers av universitet i Europa, det er ein stor bonus, seier Lea.

LES OGSÅ: Dette kan du bli med studier i natur og miljø 

«Grønt er betre»

PÅ ESA-konferansen skal Lea delta i panel nummer to, «Greener is better», der tema er natur og klima. Utfordringa til studentane er å svare på korleis EU kan etablera ansvarleg vekst i klimaendringssamanheng.

– Natur og klima er mine lidenskapar, og eg valde dette panelet fordi klimatilpassing og restaurering av natur ligg meg veldig nær hjartet, seier Lea, som òg er medlem av studentrådet på USN og dessutean aktiv i linjeforeininga Nature and People for natur- og miljøstudentar på USN.

– Eg blir nokså stressa

– Eg blir nok så stressa, for det er mykje som skjer mot slutten av eit mastergradsløp og tida går fort, men akkurat det med å reise til Strasbourg blir eg ikkje så stressa av. Det er jo litt valdsamt med ei så profesjonell og formell setting, men vi er mange som er på «førstereis», og eg trur det blir meir bakoverlent enn det høyrast ut som, seier ho.

Ho legg til at å delta på ESA ikkje berre byr på høve til å påverke, men òg til å lære frå ulike kulturar og til å utveksle idear og meiningar:

– Eg vil bidra til utviklinga av eit felles syn for framtida til Europa, og eg trur at ein slik forsamling som ESA er ein verdifull måte å øve på demokratisk deltaking, å fremje dialog og gjensidig forståing, og å styrke kjensla av europeisk identitet og borgarskap. Særleg vil interaksjonane med så mange andre europeiske studentar frå ulike bakgrunnar, språk, og perspektiv utvide mine horisontar ved å oppdage nye aspekt av europeisk kultur, historie, og samfunn, seier ho.