Redelighetsutvalet består av fem medlemmer med kompetanse innan forsking, forskingsetikk og juss. Leiaren i utvalet er ekstern og har juridisk kompetanse. USN og INN stiller med to medlemmer kvar som speglar den faglege breidda ved dei to institusjonane. Utvalet er utnemnt av styret og skal opptre uavhengig av den ordinære linjeorganisasjonen ved USN og INN.
Her finn du meir informasjon om forskingsetikk ved USN, korleis USN behandlar saker om moglege brot på forskingsetiske normer og meldeskjema for saker.
Medlemmer
- Annette Birkeland, jurist, leiar, Oslo kommune.
- Halvor Nordby, professor, medisinsk etikk, medlem, Universitetet i Innlandet, Lillehammer.
- Kjartan Østbye, professor, økologi/genetikk, medlem, Universitetet i Innlandet, Evenstad.
- Lars-André Tokheim, professor, prosess/energi/miljø, medlem, Universitetet i Sørøst-Norge, Porsgrunn.
- Susan Lee Nacey, professor, lingvistikk/engelsk, varamedlem, Universitetet i Innlandet, Hamar.
- Truls Juritzen, førsteamanuensis, helsefag/sykepleie, varamedlem, Universitetet i Sørøst-Norge, Drammen.
Årsmeldinger
Redelighetsutvalet sender årleg rapport (årsmelding) om verksemda si til styra ved USN og INN. I rapporten blir talet på oppgitt behandla saker og innhaldet i eventuelle utsegner frå utvalet.
Formål og oppgåver
Ved innmelde saker skal utvalet alltid ta stilling til følgjande (forskingsetikklova § 8):
- Om forskaren har opptredd vitskapleg uærleg eller ikkje.
- Om det føreligg ystemfeil ved institusjonen, og
- Om det vitskaplege arbeidet bør korrigerast eller trekkjast tilbake. Viss utvalet konkluderer med at ein forskar har opptredd vitskapleg uærleg, kan det føra til sanksjonar. Utsegner som konkluderer med at forskar har opptredd vitskapleg uærleg, kan klagast på av forskaren til det nasjonale granskningsutvalget.
For meir informasjon sjå mandat og retningsliner.
Kontakt
- Sekretær i utvalet: Anna Lønmo Knudsrød
- Viserektor for forsking: Heidi Kristin Ormstad