Bachelor i folkedans
Rauland - Heltid
Vil du å fordjupe deg i folkedans på eit høgt tradisjonsfagleg og kunstnarleg nivå? Ved Campus Rauland kan du ta eit treårig utøvande bachelorstudie i folkedans, der du studerer folkedans på fulltid.
-
Søknadsfrist: Utløpt
Studieinformasjon
-
Studiested: Rauland -
Studienivå: Bachelor -
Progresjon: Heltid -
Oppstart: Høst 2024 -
Studieopplegg: På campus -
Studiepoeng: 180 -
Søknadsfrist: Utløpt -
Søkekode: 222 716 -
Antall semester: 6 -
Undervisningsspråk: Norsk -
Antall studieplasser: 10
Kvifor bachelor i folkedans?
Norsk tradisjonsdans har eit uttrykk som er unikt, og det er ein aukande etterspørsel etter dansarar som beherskar den særeigne teknikken og estetikken som finst i folkedansen. Studiet skal utdanne sjølvstendige og reflekterte folkedansar på eit høgt kunstnarleg og tradisjonsfagleg nivå. Kanskje spelar du også eit instrument og ønsker å utvikle deg både som dansar og musikar? Du som har kjent på krafta og gleda som ligg i folkemusikken og folkedansen veit nok kva vi snakkar om!
Ein bachelor i folkedans skal førebu deg til eit aktivt yrkesliv som sjølvstendige folkedansarar – både som frilansarar, i relevante dansekompani og i ulike kunstnarlege eller pedagogiske samanhengar. Vi gir deg ein brei, unik kompetanse som folkedansar og gode nettverk både nasjonalt og internasjonalt.
Det finst jobbar, men manglar folkedansarar.
Sigurd Johan Heide, Kartellet
Dette lærer du
Studiet legg stor vekt på den praktiske utøvinga, og det vil bli jobba fram mot studentframsyningar og studentkonsertar med jamne mellomrom, i tillegg til at vi legg opp til tett kontakt og utveksling med dansefeltet. Du får arbeide med ulike dansarar, musikarar, koreografar og fagpersonar innan dans, og skal i løpet av studiet få omfattande formidlings- og sceneerfaring og fagkompetanse. Vi har mellom anna avtale om samarbeid og undervisning med dei framste dansekompania innan folkedans: Frikar, Kartellet og Mamelukk. Desse vil undervise og rådgje deg gjennom heile studieløpet. Det blir lagt vekt på individuell rettleiing og tilpassing for kvar enkelt sine behov.
Den tette koplinga ein finn mellom folkemusikk og folkedans er særeigen for sjangeren. Deler av undervisninga er felles med studentane i folkemusikk og tradisjonskunst. Det er viktig å utvikle dansarar med god musikkforståing, og dersom du som student ønskjer å utvikle deg både som musikarar og dansar, blir det lagt til rette for det. Den praktiske og teoretiske kunnskapen er gjensidig avhengige av kvarandre, og begge perspektiva vil vera ein integrert del i alle emna. Du vil også få innblikk i relevant og pågåande forsking ved instituttet og relevante fagmiljø. Me har eit tett samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans ved NTNU, som vil bidra inn i studiet med fagkompetanse og arkivmateriale.
Kva slags jobb får du?
Noreg har eit stort behov for å utdanne dansarar med høg fagleg kompetanse innan folkedans. Etter utdanninga skal du kunne arbeide som solist, pardansarar og ensembledansar og i ulike kunstnarlege og/eller pedagogiske samanhengar både nasjonalt og internasjonalt. Avhengig av korleis kvar enkelt student utformar studieløpet sitt gjennom fordjuping og prosjektarbeid, kan studiet kvalifisere til ulike arbeidsretningar. Mellom anna:
- Utøvande folkedansar
- Formidling og scenisk arbeid
- Pedagogisk arbeid i barne-, ungdoms- og vidaregåande skule og Den kulturelle skolesekken
- Museums- og arkivarbeid
- Organisasjonsarbeid og kulturforvaltning
- Forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid
Dansekompania Frikar, Mamelukk og Kartellet har omlag 3 premierer og omlag 100 forestillingar årleg. I tillegg driv dei pedagogisk verksemd, og kan melde om stadig aukande etterspørsel om folkedanskompetanse frå fleire av dei store teatera. Dansekompania på feltet manglar dansekunstnarar med tradisjonsdans som basis.
Sosialt studentmiljø
Campus Rauland ligg i den vakre fjellbygda Rauland og deler lokale med kurs- og aktivitetssenteret Raulandsakademiet. Det kreative studentmiljøet pregar kvardagen, og det er mange aktivitetar ein kan delta i som dansekveldar, huskonsertar, klatring, brettspelkveldar, spikkeklubb, handverkskveldar, hardingfelegruppe, studentpub med dans og spel kvar onsdag. Kvart år blir Rauland Vinterfestival arrangert ved campus.
Studentum kårer landets beste studentbyer 2023
Vidare utdanningsmoglegheiter
Studiet gjev ferdigheiter og kunnskap som er aktuell for å kunne spesialisere seg vidare gjennom eit masterprosjekt i tradisjonskunst eller for vidare studiar innan dans, koreografi, musikk, kulturstudiar m.m.
Etter fullført mastergrad er det også høve til å søkje om ph.d.. Det er også høve til å studere vidare på mastergradnivå på andre utdanningar innan dans, koreografi, musikk ved andre institusjonar. Studiet kvalifiserer til ulike praktisk-pedagogiske utdanningar.
Skaff deg internasjonal erfaring
USN Rauland har stort fokus på internasjonalisering, og har kvart år fleire studentar frå ulike kantar av verda som vel å studere i Rauland. Som student blir du slik del av eit internasjonalt miljø. Vi har også ulike internasjonale partnaravtaler som har relevante utvekslingstilbod.
Studieplan
Ei studieplan beskriv innhald, oppbygging og organisering av eit studieprogram. Til kvar studieplan er det knytt emneplanar som beskriv dei enkelte emna, her finn du også pensumliste. Nedanfor ser du ein studiemodell som viser deg kva for emne som går i dei ulike semestera. Frå studiemodellen finn du også lenker til dei ulike emneplanane.
Studieplan for 2024 høst
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og praktisk- kunstnarisk opptaksprøve.
Opptaksprøve
Alle søkarar må innan 21. april laste opp:
- Kort motivasjonsbrev
- Eit lite utval av film der søkaren dansar
- CV (som seier noko om danseerfaring)
Ut frå dette grunnlaget blir aktuelle søkarar kalle inn til praktisk-kunstnarisk opptaksprøve i starten av veke 19 (ca. 6. - 8. mai).
Opptaksprøva består av:
- Å delta på ein danseleksjon
- Ei samtale
- Søkar syner 2-5 minutt av folkedansrepertoaret deira. Det er høve til å ta med dansepartnar(ar) på opptaksprøva. For søkarar som både er musikarar og dansarar er det høve til å førebu både musikk og dans.