USN har over 400 studium, men kan også tilby nokon nye i 2023. Her er nokon smakebitar.
LUPE i design, kunst og handverk
I år startar Universitetet i Søraust-Noreg (USN) ei femårig lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, design, kunst og handverk (LUPE i design, kunst og handverk). Fra før tilbys LUPE i kroppsøving og idrettsfag, mens den treårige fagutdanninga i design, kunst og handverk blir lagd ned.
– No går den treårige faglærarutdanninga over til å bli ei integrert masterutdanning på fem år, slik at dei framtidige studentane får lektorutdanning. Med dette skriv USN eit nytt kapittel i kunst og handverksfagets historie, fortel instituttnestleiar Morteza Amari.
USN er no éin av to utdanningsinstitusjonar som tilbyr denne utdanninga i landet.
Sjølv om studentane i hovudsak skal studerer kunst og handverk, kan dei også velje andre fag å kvalifisere seg i. Det første faget er design, kunst og handverk. Det andre faget inngår i tredje studieår og skal vere eit undervisningsfag med læreplan i grunnopplæringa. Studentane kan også velje å ta eit tredje undervisningsfag eller spesialpedagogikk.
– Tverrfaglegheit er ein viktig kompetanse i skulen. Skuleeigarar melder at det vil vere ein fordel ved tilsetjing for jobbsøkjarar når dei har kompetanse i fleire fag, fortel Morteza.
LUPE i design, kunst og handverk er nett- og samlingsbasert med base ved campus Notodden. Her har fagmiljøet lang erfaring med nettbaserte læringsformer i kunst og handverk, og starta den første nettbaserte masterutdanninga i kunst og handverk allereie i 2008.
Master i e-businessteknologi og cybersikkerheit
Eit heilt nytt studium som svarer opp eit svært aktuelt samfunnstema er master i e-businessteknologi og cybersikkerheit. Studiet gir studentane solid kompetanse innan digital forretningsforståing, informasjonssikkerheit/cybersikkerheit og e-businessteknologiar.
– Samfunnet blir meir og meir digitalisert, og dette medfører auka moglegheiter, men også auka risiko. Organisert cyberkriminalitet, spionasje og hacking frå framande statar er ein del av den nye verkelegheita. Kunnskap og kompetanse blir derfor avgjerande for å få til ansvarleg digitalisering, fortel professor Geir Køien som er programkoordinator for masterutdanninga.
Studentane vil lære om forretningsmodellar for nettbaserte verksemder, og dei vil lære om korleis dette kan gjerast på ein sikker måte. I pensum finn ein tema som e-businessteknologiar, blokkjeder og kryptovaluta, kunstig intelligens, kryptografi, personvern, berekraft i skytenester og sikkerheitsprotokollar.
– Masteren gjer deg kvalifisert til jobbar innan informasjonssystem og informasjons- og kommunikasjonsteknologi i privat og offentleg sektor, fortel Køien, som har lang erfaring frå IKT-bransjen og forskar på feltet.
I løpet av studietida vil studentane besøkje bedrifter i nærområdet som driv med e-business og cybersikkerheit. Ekspertar frå industrien blir henta inn som gjesteforelesarar på utvalde emne.
Masteren er eit heiltidsstudium og er tilknytta campus Vestfold.
Master i arkitektonisk lysdesign
Teknologiske framsteg og auka interesse for berekraftig utvikling, lysforureining, helse og designprosessar har skapt behov for auka kompetanse hos profesjonelle lysdesignarar og andre faggrupper som arbeider med lys og belysning.
Den nye mastergraden i arkitektonisk lysdesign er eit nett- og samlingsbasert deltidsstudium som ein kan ta ved sida av jobben. Den nye masteren er ei vidareføring av bachelorstudiet i arkitektonisk lysdesign, som vart etablert allereie i 2005.
Fagmiljøet i arkitektonisk lysdesign ved campus Kongsberg er unikt og har ein sterk nasjonal posisjon innan lys, helse og berekraft.
– Vi gler oss til å bidra ved at ein i Noreg no kan få både enkeltkurs og moglegheit for å ta ei heil masterutdanning innan arkitektonisk lysdesign, seier faggruppeleiar Are Røysamb.
Masterstudiet er utvikla i samarbeid med belysningsbransjen. Studiet har nær kontakt med Lyskultur, organisasjonen Norske lysdesignarar, konsulentfirma og leverandørar. Aktørar frå bransjen deltek i studiet som forelesarar og rettleiarar. Studiet rettar seg mot arkitektar, ingeniørar, designarar, lysdesignarar og andre som ønskjer å auke kompetansen sin innan lysdesign.
Alle årsstudium, bachelor- og masterstudium opnar for søkning 1. februar. USN har også eit stort reportoar av etter- og vidareutdanningar som har opptak på ulike datoar eller løpande opptak.