• Aktuelt
  • Charlotte er ny leiar for Studentdemokratiet

Charlotte er ny leiar for Studentdemokratiet

Studentleder Charlotte Nilsen foran campus Vestfold
Ny leder for studentdemokratiet i Sørøst-Norge, Charlotte Nilsen

– Eg vil jobbe for at studiane skal gi oss det vi treng som menneske i verda – både akademisk og personleg, seier ho.

– Etter fem år som student, og dei siste to som studentrepresentant, har både USN og studentdemokratiet blitt hjartebarna mine, seier Charlotte Nilsen.

25-åringen frå Krokstadelva er påtroppande leiar for Studentdemokratiet i Søraust-Noreg, etter at Nora Rymoen Houidi er ferdig med åremålet sitt i stillinga 15. juni. Det neste året er det Charlotte Nilsen som vil vere topprepresentanten for Universitetet i Søraust-Noregs ca 17.000 studentar. 

Charlotte Nilsen og Nora Rymoen Houidi

Nilsen leverte masteroppgåva si i menneskerettar og flerkulturalitet i mai. No som ho er ferdig med studiar, var dette vervet ei siste anledning til å vere ein del av fellesskapet ho har blitt så glad i. 

– Eg liker å representere studentane og er engasjert i velferda deira. Eg vil halde fram med å bidra til å utvikle universitetet i tråd med det studentane ønsker og treng, seier Nilsen.

Les også: Grøn studentambassadør: Lea dreg til Europaparlamentet

Omfattande engasjement

Utan tidlegare erfaring frå tillitsverv engasjerte ho seg som førsteårsstudent på masterstudiet, etter å ha fullført ein bachelor i statsvitskap på USN, campus Drammen. 

– Det byrja med at eg var studentrådsleiar for HIU (fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap) og såg nestleiar i campusstyret. Når eg først blir engasjert, vil eg gjerne gjere så mykje som mogleg, seier Nilsen og ramsar opp andre verv som representant i fakultetsstyret i HIU, i skikkethetsnemda og i tilsetjingsutvalet for undervisning og forskarstillingar.

– Eg er oppteken av å gjere høgare utdanning meir attraktiv, og då må behovet til studentane på dagsordenen. Det er vi som driv universitetet framover, meiner Nilsen.

Ho trekkjer fram trygge rammer for studiekvardagen, klare reglar for fusk og eit godt sosialt miljø som viktige faktorar ho vil jobbe vidare for. Og sjølvsagt også det faglege:

– Det er viktig at vi som studentar opplever at studiane gir oss det vi treng som menneske i verda, både akademisk og personleg. Eg er oppteken av at studiar og emneplanar utviklar seg i tråd med samfunnet og gir oss relevant erfaring som igjen gir gode jobbmoglegheiter, utdjupar Nilsen.

Les også: USN reduserer sine klimautslipp

Mykje reising i ny arbeidskvardag

Sjølv drøymer ho om å komme gjennom nålauget til aspirantkurset hos Utanriksdepartementet, for så etter kvart jobbe for å bli ambassadør. 

Men først ligg eit år med spennande og varierte oppgåver framfor henne. Ein ny arbeidskvardag som inneber mykje reising rundt til Universitetet i Søraust-Noregs ni ulike geografiske plasseringar. Hovudkontoret til arbeidsutvalet (AU) er i Drammen, men det blir mykje farting rundt for å halde seg oppdatert på alt som skjer.

– Det er noko vi har jobba mykje med, og som eg har tenkt mykje på. Det er viktig med nærvær på alle campusar, og eg har lyst til å bruke mykje tid på dei ulike stadene og prate med folk, både studentar og tilsette, seier Charlotte. 

Ho ser også fram til å jobbe tett med rektor Pia Cecilie Bing-Jonsson, som sjølv er relativt nytilsett i sjefsstolen på universitetet. 

– Vi er heldige som har eit godt samspel med Pia, og ho er veldig studentretta i arbeidet sitt. Eg trur ho har mange gode idear og visjonar som samsvarer med ønska våre, seier Nilsen.

– Samtidig kjem vi heilt sikker til å vere usamde om noko. Og det er lov! Det viktigaste er at vi har ein god prosess.

Les også: Klar for rektorgjerningen

Studentdemokratiet i Søraust-Noreg (SDSN)

  • Studentdemokratiet i Søraust-Noreg (SDSN) er studentorganet for studentane ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN)
  • Formålet er å vareta interessene til studentane og fremje synspunkta til studentane overfor interne og eksterne partar
  • SDSNs arbeidsutval består av tre studentar som er frikjøpte av USN for å arbeide med SDSNs politikk på heiltid gjennom eit heilt studieår: Studentleiar, politisk nestleiar og organisatorisk nestleiar
  • Arbeidsutvalget (AU) er SDSNs øvste utøvande organ
  • Studentleiars rolle:
    • Studentleiar er øvste studenttillitsvald på USN og øvste leiar i Studentdemokratiet
    • Studentleiar har det overordna ansvaret for Studentdemokratiet, politisk og økonomisk
    • Studentleiar representerer studentane internt i USN og eksternt mot regionane knytt til universitetet, og dessutan på nasjonalt plan
    • Studentleiar leier møta i Studentdemokratiets leiargruppe
    • Studentleiar fremjar SDSNs politikk for universitetet, regionen, nasjonalt og i media
    • Studentleiar sit i rektors leiargruppe