Hallingdal er eit dalføre som strekker seg som ein smilemunn tvers gjennom Viken fylkeskommune. Her ønsker ordførarane i Hol, Ål, Hemsedal, Gol, Nesbyen og Flå å tilby høgare utdanning. Universitetet i Søraust-Noreg (USN) er med på laget.
Partane er vorte samde om ein intensjonsavtale som vart signert på ein høgtideleg seanse under Arendalsuka 16. august. Ambisjonen er å utvikle og etablere ein campus i Hallingdal, der det kan vera aktivitet på ulike stader i regionen.
– Universitetet har ein intensjon om å tilby desentraliserte, fleksible samfunns- og arbeidslivsintegrerte utdanningstilbod. Vi skal bidra i regional utvikling basert på forskings- og utviklingsarbeid og samarbeide med sentrale aktørar innanfor offentleg og privat sektor i fjellregionen, forklarer rektor Petter Aasen.
LES ÒG: Slik vart årets studiestart ved USN
Krev finansiering
Han understrekar at føresetnaden for ein eventuelt ny campus i Hallingdal er finansiering og at regjeringa opprettar ein nasjonal ordning for finansiering av fleircampusuniversitet.
Dei formelle partane i den nye intensjonsavtalen er Regionrådet i Hallingdal og Gol som tenkt vertskommune for det som kan bli USNs niande campus. Regionrådet er eit politisk samarbeidsorgan for dei seks kommunane.
Det nye utdannings-, forskings- og innovasjonsmiljøet skal tene heile landet i tillegg til å møte regionens kompetansebehov.
– Hallingdal har vore eit kvitt område på utdanningskartet utan eit fast tilbod utover vidaregåande skule. No ser vi fram til samarbeidet med USN om å utvikle og styrke utdanning, forsking, innovasjon og heilskapleg samfunnsutvikling. Å ha eit tilbod om høgare utdanning betyr mykje for innbyggarane og vil løfte regionen vår, seier leder i Regionsrådet og ordfører i Ål, Solveig Vestenfor.
LES ÒG: Nye resultat i Fagfornyelsen
– No byrjar jobben
Alle seks ordførarane i fjellregionen – Petter Rukke (Ap) i Hol, Tore Haraldset (Nbl) i Nesbyen, Merete Gandrud (Ap) i Flå, Heidi Granli (Ap) i Gol, Solveig Vestenfor (Ap) i Ål og Pål Rørby (Sp) i Hemsedal – tok turen til Arendal for å signere avtalen.
Seansen føregjekk ombord i ishavsskuta Berntine, som er USNs base under den politiske festivalen i sørlandsbyen.
– Å skrive under på ein avtale er fort gjort, men det er no jobben byrjar. USN er innstilt på vidare samarbeid for å etablere eit campuskonsept som i innhald og form møter lokale behov for kompetanse- og kunnskapsutvikling, seier Aasen.
I første fase vil samarbeidet skje gjennom eit nærmare definert forprosjekt som skal danne grunnlaget for eit etableringsprosjekt av campus Hallingdal. Innbyggarar, arbeids- og næringsliv vil bli invitert med i dialog og aktiv deltaking i utvikling av den nye campusen.
LES ÒG: USN deltar på Arendalsuka