USN fyller 5 år – jublar som ferdig utdanna med mastergrad

Aleksandra og Linda hopper fra tribunen utendørs med hvert sitt norske flagg i hånda og jubler
STUDERT I 5 ÅR: Aleksandra Skoracka (til venstre) og Linda Takset har studert ved USN sidan universitetsstatusen i 2018. No er dei ferdig utdanna lærarar med mastergrad. (Foto: An-Magritt Larsen)

Linda og Aleksandra har studert sidan USN vart eit universitet. No jublar dei som ferdig utdanna lærarar – og gratulerer universitetet sitt med femårsdagen.

4. mai 2018. Dagen då Universitetet i Søraust-Noreg (USN) såg dagens lys. Før den tid var den høgare utdanningsinstitusjonen ein høgskule.

4. mai 2023. USN fyller fem år som universitet med åtte campusar i Vestfold/Telemark og Viken fylke.  

–  Gratulerer! Det er artig at universitetet fyller fem år samtidig som vi blir uteksaminerte, seier Aleksandra Skoracka (23) og Linda Takset (29). 

Dei starta på femårig lærarutdanning første hausten USN eksisterte. Denne våren leverer dei masteroppgåva og ser fram til å innta eit klasserom med yrkestittelen lektor.

LES OGSÅ: Stor markering for Noregs nyaste universitet

Meir fridom og tyngde 

– Desse fem åra har vore utfordrande, men samtidig givande. Det beste har vore alle menneska vi har vorte kjende med, det gode studentmiljøet. USN har også dyktige forelesarar som er tilgjengelege for oss studentar, seier Aleksandra og Linda.

Rektor Petter Aasen meiner USN står seg godt på sitt femte år som universitet, og han bruker høvet til å reflektere over prestasjonane så langt. Dagen blir markert med stor kakefest for studentar og tilsette.

– Eg vil gratulere alle ved USN med femårsdagen. Det er ein stor milepæl for institusjonen vår. Vi har jobba tett med lokale og regionale aktørar for å styrkje rolla som ein viktig samfunnsaktør. Framover må vi halde fram arbeidet med å posisjonere oss som ein attraktiv kunnskapsinstitusjon nasjonalt og internasjonalt, seier Aasen.

Lærerstudentene Linda g Aleksandra oppstilt innendørs ved USN-logi og med hvert sitt norske flagg i hånda, ser rett i kamera

Rektor forklarer at å bli eit universitet gir meir fridom og ekstra tyngde, særleg internasjonalt. Aasen er også oppteken av fridommen som følgjer med ein universitetsstatus.

– Universitetsstatus er eit kvalitetsstempel. Høy fagleg kvalitet styrkjer attraktiviteten vår og moglegheita for å rekruttere gode studentar, tilsette og samarbeidspartnarar nasjonalt og internasjonalt. Eit universitet har også full fridom til å opprette og vidareutvikle eigen studieportefølje på alle nivå og fagområde. Det opnar for større høve til å utvikle studietilbod i tråd med behovet i samfunnet og arbeidslivet, forklarer Aasen.

LES OGSÅ: IT, ingeniør og maritime fag aukar mest

Ministeren leverte nyheita personleg

Då Høgskolen i Søraust-Noreg (HSN) vart etablert 1. januar 2016 etter fusjonar, var ambisjonen klar om å utvikle den nye høgskulen til eit universitet. Allereie året etter vart søknad om universitetsakkreditering send Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut).

Ein eigen sakkunnig komité vurderte om HSN tilfredsstilte krava, og komiteen landa på eit positivt svar. Styret i NOKUT gjorde det same, og universitetsstatusen vart endeleg vedteken av Kongen i statsråd 4. mai 2018.

Nyheita vart levert av dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V). Ho dukka personleg opp på campus Drammen i morgonrushet denne fredagen.

Innandørs venta tilsette, rektoratet og styreleiaren ved det nye universitetet. Statsråden hadde med blomster og kom eins ærend for å overlevere beskjeden om at Høgskolen i Søraust-Noreg hadde fått status som universitet.

– Det var ein gledesdag for studentar og tilsette, minnest rektor fem år tilbake.

LES OGSÅ: Universitetsstatus vedteken av Kongen i statsråd

Nytt universitet = ny merkevare 

I dag har USN rundt 17 000 studentar og 1 900 tilsette spreidde på åtte campusar –Drammen, Vestfold, Bø, Porsgrunn, Kongsberg, Rauland, Notodden og Ringerike.  

– Studentar, tilsette og samarbeidspartnarar har alle bidrege til å etablere USN som ein sentral aktør innan høgare utdanning og forsking i regionen. Ved å samarbeide med offentlege tenesteleverandørar og lokale bedrifter og organisasjonar, er USN ein pådrivar for auka innovasjon, økonomisk vekst og berekraftig samfunnsutvikling, seier rektor.

Saman med universitetsstatusen følgde også utfordringa med å gjere USN kjent som ny merkevare. Den strategiske retninga for å posisjonere USN vart lagd frå dag éin.

Eksempler i form av frirkantede annonser på ny visuell identitet med ny fargekode med oransje og lilla

 

– Slike endringar tek tid, og vi jobbar langsiktig med merkevarebygging. USN er framleis ikkje så kjent som vi skulle ønskje, det får vi stadfesta i omdømmeundersøkingar. Vi er litt meir kjent blant unge vaksne enn blant dei eldste, så det er håp, seier kommunikasjons- og marknadsdirektør Reidun Mangrud.

Ho trur mange framleis er mest fortrulege med å snakke om campusen «sin», som Porsgrunn eller Bø, og at omgrepet «USN» ikkje har festa seg heilt.

– Vi held fram med å vere så synlege som mogleg på mange ulike arenaer – både i nærmiljøet, media og digitale kanalar. I løpet av vinteren har vi også fornya den visuelle identiteten vår med mellom anna friskare fargar, fortel Mangrud.

Den visuelle identiteten fungerer som USN sitt ansikt mot verda, og det skal vekkje nysgjerrigheit og fange merksemd.

– USN legg stor vekt på at studentane skal møte arbeidslivet gjennom studia, til dømes i praksisperiodar, ved å skrive bachelor- eller masteroppgåver i samarbeid med ei bedrift og møte eksterne forelesarar. Vidare er vi opptekne av å gi god hjelp til unge som skal velje utdanning. USN har også eit stadig større tilbod om etter- og vidareutdanning. Alt dette viser vi fram i marknadsføringa, seier Mangrud.

 

LES OGSÅ: Alle treng ein god marknadsførar

Frå HSN til USN

Universitetet i Søraust-Noreg er resultatet av fusjonar mellom tidlegare høgskular.

  • Høgskulen i Vestfold vart slått saman med Høgskolen i Buskerud 1. januar 2014.
  • Høgskolen i Søraust-Noreg blei danna 1. januar 2016 da Høgskolen i Buskerud og Vestfold fusjonerte med Høgskolen i Telemark.
  • Høgskolen i Søraust-Noreg (HSN) vart til Universitetet i Søraust-Noreg (USN) 4. mai 2018.
  • USN er lokalisert i Viken og Vestfold/Telemark med campusar i Bø, Drammen, Horten, Kongsberg, Notodden, Porsgrunn, Ringerike og Rauland.  
  • 27 020 uteksaminerte studentar og 161 doktorgrader i løpet av fem år.