Institutt for natur, helse og miljø

Institutt for natur, helse og miljø held til ved campus Bø. Er du interessert i økologi på land og i vann, biologisk mangfald, berekraftig forvalting av naturressurser, klima og utfordringar knytta til forureining? Da vil studieprogramma og forskinga ved instituttet vere noko for deg.

Studieprogram

Vi har bachelorstudium med fordjuping mot naturforvalting eller forureining, masterstudium innan natur, helse og miljø, og doktorgrad i økologi. Vi tilbyr óg årsstudium på campus, nettstudiar og kortare studium.

Bachelorgrad

Mastergrad 

Doktorgrad

Forsking

Vi har stor forskingsaktivitet og enkelte grupper er verdsleiande innan sine felt. Vi vil at forskinga vår skal vere relevant og anvendt regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Studentar kan ta del i fleire forskningsprosjekt og resultater frå forskinga blir brukt aktivt inn i undervisinga.

Forskinga er fokusert rundt fire forskingsklynger:

Klikk her for å sjå meir om vår forsking.

Her ligg oversikt over alle publiseringar knytt til instituttet i Cristin

Samarbeid

Vi ønsker å vere ein sterk regional partner og kan tilby både laboratorietenester og forskingstjenester.

Både forskarar og studentar kan danne partnarskap med regionale partnarar innan offentleg forvalting eller i private firma. Vi har godt utbygde laboratorium til analyse av jord og vann. Her kan du anten kjøpe tenester eller gå inn i forskingsamarbeid. Vi har fleire spennande prosjekt blant anna inn mot epleproduksjon og kvalitet.

Ønsker du eit samarbeid med oss? Ta kontakt med: