Institutt for sjukepleie- og helsevitskap

Institutt for sjukepleie- og helsevitskap driv den tredje største bachelorutdanningen i sjukepleie i Noreg, fordelt på tre campusar: Porsgrunn, Vestfold og Drammen. Vi utdannar sjukepleiarar som skal vere godt førebudd på arbeidskvardagen i helsevesenet i framtida. Instituttet har òg eit breitt tilbod av masterutdanningar (klinisk helsearbeid, avansert klinisk sjukepleie, jordmor, intensiv, anestesi, helsesjukepleie) og vidareutdanningar som helseleiing og geriatrisk vurderingskompetanse.
Forsking
Institutt for sjukepleie- og helsevitskap forskar på fagområda vi utdannar til og på sjølve utdanningane vi driv. Instituttet har følgjande forskingssenterar og etablerte forskingsgrupper:
- Senter for omsorgsforsking, sør
- Helse for kvinner, familiar og barn
- Senter for helse og teknologi
- Eldreforsk
- Klinisk kompetanse i sjukepleieutdanning
- ReCCiNE (klinisk kompetanse)
Regionalt samarbeid
Instituttet ønsker å vere ein sterkt regional partnar og kan tilby både kurs- og forskingstenester.
Studietilbod, deriblant etter- og vidareutdanning innan helsefag