Publiseringsutvalet

Publiseringsutvalet behandlar tilfelle der det er knytt tvil til kva slags kategori ein publikasjon skal registrerast og rapporterast under i Cristin.

Publiseringsutvalet behandlar saker der det er tvil om kva slags kategori ein publikasjon skal registrerast og rapporterast under i Cristin (Current research information system in Norway) i samhøve med årleg frist i rapporteringsinstruksen.

Viserektor for FoU er ansvarleg for rapporteringa. Rapporten ferdigstillast og sendes av institusjonssuperbruker i Cristin.

Mandat

  • Utvalet kan vurdere vitskapelege publikasjonar der det er oppstått tvil eller usemje i samanheng med registrering og rapportering av vitskapelege publikasjonar.
  • Utvalet kan vurdere eventuelle tvistesaker når det gjeld sampublikasjonar med andre institusjonar.
  • Utvalet følger kriteria for vitskapelege publikasjonar i gjeldande rapporteringsinstruks frå Cristin

Samansetting, leiing og sekretariat

Publiseringsutvalet har følgande samansetting:

  • Viserektor for forsking (leiar)
  • Ein representant frå kvart fakultet med forskerkompetanse utnemnes av Forskingsutvalet
  • Institusjonssuperbrukar i Cristin er sekretær og saksbehandler
  • Utvalet kan suppleres med eksterne representantar ved behov

Kontakt:

cristin-admin@usn.no

Medlemmar:

  • Leiar: Heidi Ormstad, viserektor forsking
  • Therese Dille (visedekan), HH
  • Henrik Bøhn (førsteamanuensis), HIU
  • Aud Johannessen (professor), HS
  • Einar Halvorsen (instituttleiar), TNM
  • Institusjonssuperbrukar i Cristin (sekretær og saksbehandler)

Medlemmane er valde for perioden 2019-2023.