Institutt for estetiske fag
Instituttet for estetiske fag har ein brei studieportefølje innan estetiske fag og tilbyr studium innan kunst og handverksfag, mediefag, musikk og drama.
Dei estetiske faga er i tillegg ein del av dei store profesjonsutdanningane grunnskule- og barnehagelærarutdanning.
Forsking
Fagpersonalet er engasjert i ulike forskargrupper ved fakultetet. Instituttet har følgande forskargrupper:
- EMAL – Embodied making and learning
- LET'S Learning and Teaching for Sustainability
- Kunstnerisk utviklingsarbeid
Vi vil at vår forsking skal vere relevant og anvendt regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Studentar kan ta del i fleire forskingsprosjekt, og resultater fra forskingen brukast óg aktivt inn i undervisinga.