Institutt for pedagogikk
Med barnet i sentrum har instituttet eit stort fagmiljø innan pedagogikk, spesialpedagogikk og rettleiing. Vi har fokus på kompetanseheving av våre tilsette og jobbar aktivt med forsking og undervisingskvalitet gjennom samarbeid med fagmiljø nasjonalt og internasjonalt.
Våre studium
Institutt for pedagogikk er ein viktig bidragsytar inn i profesjonsutdanningane: grunnskulelærarutdanning, barnehagelærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning. Vi tilbyr óg masterutdanning i pedagogikk, bachelorutdanning i spesialpedagogikk og rettleiarutdanningar i tillegg til doktorgradsprogrammet i pedagogiske ressursar og læreprosessar.
Forsking ved institutt for pedagogikk
Vi vil vere ein viktig aktør i forskings- og utdanningsfeltet for å bidrege til ein positiv utvikling for barn og unge. Våre satsingsmål spring ut frå eit overordna samfunnsansvar for å utvikle kunnskap om korleis barn og ungdom kan sikrast gode oppvekst- og utdanningsvilkår, kva føresetnadar som må vere til stades for å realisere barnehagen og skulens føremål, og kva verdi profesjonsutdanningene kan ha. Gjennom forskargrupper søker vi å jobbe fagleg og tverrfagleg for å nå desse måla. Fagpersonalet er engasjert i ulike forskargrupper ved institusjonen.
- Barns overgang fra barnehage til skole og begynneropplæring
- Barnas kraft og marginaliserte tematikker i barnehagen
- Klasseromforsking
- Læring, læringsdesign og digitale medier
- Oppvekst og utdanning
- Overganger og livsløpsendringer hos ungdom og unge voksne
- Utdanning for praksisfellesskap
- Utdanningspolitikk og utdanningspraksis – SEPP
- Veiledning i profesjon og utdanning
- Vold, overgrep og sosiale- og emosjonelle vanskar
- Undervisningskvalitet i barnehagelærerutdanningen og Barnehageledelse og profesjon er to forskargrupper som låg under tidlegare Senter for barnehageforskning, utvikling og innovasjon som er nedlagt.
Ved sidan av dette er våre forskarar del av fleire større nettverk.


