Institutt for pedagogikk

Med barnet i sentrum har instituttet eit stort fagmiljø innan pedagogikk, spesialpedagogikk og rettleiing. Vi har fokus på kompetanseheving av våre tilsette og jobbar aktivt med forsking og undervisingskvalitet gjennom samarbeid med fagmiljø nasjonalt og internasjonalt.

Våre studium

Institutt for pedagogikk er ein viktig bidragsytar inn i profesjonsutdanningane: grunnskulelærarutdanning, barnehagelærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning. Vi tilbyr óg masterutdanning i pedagogikk, bachelorutdanning i spesialpedagogikk og rettleiarutdanningar i tillegg til doktorgradsprogrammet i pedagogiske ressursar og læreprosessar.

Forsking ved institutt for pedagogikk

Vi vil vere ein viktig aktør i forskings- og utdanningsfeltet for å bidrege til ein positiv utvikling for barn og unge. Våre satsingsmål spring ut frå eit overordna samfunnsansvar for å utvikle kunnskap om korleis barn og ungdom kan sikrast gode oppvekst- og utdanningsvilkår, kva føresetnadar som må vere til stades for å realisere barnehagen og skulens føremål, og kva verdi profesjonsutdanningene kan ha. Gjennom forskargrupper søker vi å jobbe fagleg og tverrfagleg for å nå desse måla. Fagpersonalet er engasjert i ulike forskargrupper ved institusjonen.

Ved sidan av dette er våre forskarar del av fleire større nettverk.

Instituttet har ein eigen forskingsstrategi og undervisningsstrategi.

Publiseringar

Aktuelt frå instituttet